
Åtvaring mot falske fakturaer
Fakturaene blir av mange forveksla med rettmessige krav om betaling for registrering av patentsøknader, eller registrering eller fornying av varemerke.
Desse fakturaene har ikkje nokon samanheng med betaling for rettar i Noreg eller andre stader. Det er kun Patentstyret og din eventuelle fullmektig som kan krevje betaling for desse tenestene.
NB: Merk at opplysningar om varemerke, patent og design er offentleg tilgjengeleg. Dermed er det mogleg å bruke databasane til patentverk over heile verda for å skaffe bakgrunnsinformasjon for falske eller misvisande fakturaer.
Selskap som sender ut falske krav
Nedanfor finn du ei liste over nokre av dei selskapa som har sendt ut falske eller misvisande krav eller tilbod om katalogoppføringar retta spesielt mot varemerke- og patentrettar.
Lista er ordna kronologisk, dvs i den rekkjefølgja vi har motteke informasjon om deira verksemd (dei sist mottatte ligg øverst).
- Worldwide Trademarks
- Intellectual Property Trademark Organization
- EU Brand Protection
- European Intellectual Property Services (Brno, Tsjekkia)
- WTPR - World Trademark and Patent Register (Sofia, Bulgaria)
- European Agency Intellectual Property EAIP (Bulgaria)
- IP-Organisation - Intellectual Property (Warsaw, Polen)
- Levin Nyman Partners (Stockholm, Sverige). Svartelistet av Svensk Handel.
- WIPTO - World International Patent and Trademark Observer (Warsaw, Polen)
- IPS - Intellectual Property Services (Brno, Tsjekkia)
- TRE Service - Registration of the Trademark (Sofia, Bulgaria)
- WIPOT - Trademark Protection (Beograd, Serbia)
- WOIP - World Organization Intellectual Property Kft. (Ungarn)
- WPTR - World Patent and Trademark Register (Tsjekkia)
- WTP Warsaw (Polen)
- WTP - register Trademark Publication (Polen/Litauen)
- IPTR - International Patent and Trademark Register (Tsjekkia)
- IPATD - International Patent and Trademark DIrectory
- Brand Registration Office (Tyskland)
- IOIP - International Organisation Intellectual Property (Ungarn)
- ITR Register / ITR Service (London og Polen)
- World Patent & Trademark Service (Tsjekkia)
- TM-Edition - International Catalogue of Trademarks (Ungarn)
- Glopat (Bratislava)
- World Organization for Trademarks (WOTRA), Ungarn
- World Organization for Trademarks (OTRA), Ungarn
- International Trademark Publication Register (TPR) (Warszawa, Polen)
- International Trademark Register (ITR) (Skarżysko-Kamienna, Polen)
- IP save (Tsjekkia)
- European Trademark and Patent Publications (TPP) (Korzalin, Polen)
- European Trademark Register (Zorawina, Polen)
- European Trademark Publication (ETP) (Bratislava)
- Patent and Trademark Institute (Sveits)
- WPTS - World Patent & Trademark Service (Tsjekkia)
- RPT Servis (Slovakia)
- IPTO: International Patent and Trademark Organization (Tsjekkia)
- Patent & Trademark Agency Ltd (Nederland)
- Merke- og patentservice
- Varemerke-organisasjonen AS
- Varemerke Byrå
- International Patent and Trademark Service (Polen)
- World Intelligent Property Office
- European Trademark Publication Register (TPR) (Bratislava)
- Nordic Domain Hosting (Sverige) eller Nordic Hotel Hosting (Sverige)
- Bolerino AB (Sverige): Mykje tyder på at dette er Nordic Domain Hosting (NDH Sweden AB) i ny forkledning (se over)
- Professional Web Solutions Ltd – Asia Domain Name Registration (PWDNR) (Kina)
- Trademark Selection Inc. (Sveits)
- TM Worldwide BT, Ungarn
- TM Collection Ltd
- Gaia Almanach Ltd
- Gaia Almanach Ltd (Ungarn)
- The Marks KFT
- International Catalogue of Trademarks
- STR – Suomen Tavaramerkkirekisteröinti Oy (Finland)
- W.O.I.P. (Storbritannia)
- TM Selection GmbH
- WDTP - Worldwide Database of Trademarks and Patents
- IP Data - Register of the International Patents (Tsjekkisk republikk)
- IP Data - Register of the International Trademark (Tsjekkisk republikk og Slovakia)
- World Intellectual Property Publishers (WIPP) (USA)
- UPTS - Registration of the International Patent (Tsjekkisk republikk og Slovakia)
- WIPT - Registration of International Patent (Slovakia)
Døme på WIPO sine nettsider: PCT Billing Scam Stopped by Florida Attorney General
Kven sender ut rettmessige krav?
Patentstyret: Vi krev sjølv inn avgifter for patent- og varemerkerettar. Søknad om og registrering av slike rettar med verknad i Noreg kan berre gjerast gjennom Patentstyret.
EU-varemerke: Ved registrering av EU-varemerke skjer betaling av avgifter direkte til EUIPO (European Union Intellectual Property Office).
Du kan også lese meir om falske krav på EUIPOs nettsider.
Internasjonalt: World Intellectual Property Organization (WIPO) har publisert ei oversikt over selskap som står bak slike falske tilbud - sjå lenkje
Du finn også meir informasjon om problemet på WIPO sine nettsider (PDF-fil).
Det europeiske patentverket (EPO): EPO har også publisert ei åtvaring mot falske krav på sine nettsider.
Tidlegare medieomtale om falske fakturaer
- faktura for innlevering av logo: Myndigheitene åtvarar: Ikkje betal denne fakturaen! Dei ble sjølv forsøkt lurt (e24.no, 4. august 2015)
- faktura for innlevering av logo: Myndigheitene åtvarar: Ikkje betal denne fakturaen! Dei ble sjølv forsøkt lurt (Teknisk Ukeblad, 4. august 2015)
- Patentstyret anmelder Varemerke Byrå for brudd på åndsverklova og for villeiande marknadsføring: Patentstyret forsøkt lurt med eige register – åtvarar mot svindlarar (NRK 16. november 2014)
- NRK åtvara mot falske varemerkekrav på nyheitssendinga 6. juli, og på sine nettsider: åtvarar mot varemerkeskjema: – norske selskap blir lurt (6. juli 2014) - her finn du også ei lenke til oppslaget i nyheitssendinga. Store norske selskap som Coop, NetCom, Haribo og Reitan Convenience skal ha blitt forsøkt villeia til å betale tusenvis av kroner for mykje for varemerka sine. (NRK 6. juli 2014)
- Det gjerast også forsøk på å lure norske bedrifter med domenesalg. Les meir om svindel med domenesalg på nrk.no (17. juni 2014)
Spørsmål
Dersom du har spørsmål, ta gjerne kontakt med kundesenteret vårt på 22 38 73 00.