Kontakt oss
Ta kontakt dersom du har spørsmål om rettar til varemerke, design og patent. Vårt premierte kundesenter hjelper deg så fort dei kan.
Patentstyret gir rettar til patent, varemerke og design i Noreg, for norsk og utanlandsk næringsliv. Mandatet vårt er å rettleia – gjennom kurs, rapportar, internasjonalt samarbeid og forundersøkingar.
Ta kontakt dersom du har spørsmål om rettar til varemerke, design og patent. Vårt premierte kundesenter hjelper deg så fort dei kan.
Patentstyret er arbeidsplassen for deg som ønskjer utfordrande arbeidsoppgåver, eit godt fagleg og sosialt arbeidsmiljø og fleksibilitet i kvardagen. Bli med når vi saman gjer idear til verdiar.
Er du på jakt etter informasjon om immaterielle rettar, statistikk eller utsegner? Pressekontaktane våre tek i mot alle førespurnader frå media.
Patentstyret har sidan 1911 hjelpt næringslivet med å ta vare på verdiar gjennom å tildela patent, varemerke- og designrettar.
Vi gjer idear til verdiar og vernar innovasjonar som blir tradisjonar.
Vi er ein medspelar og legg til rette for god forvaltning av immaterielle verdiar, som vil bidra til å sikra investeringar, forbetra lønnsomheiten, tryggja arbeidsplassar og auka verdiskapinga for verksemder i Noreg.
Vi skal vere ein aktiv medspelar for forsking, innovasjonsmiljø og næringsliv – i tillegg til rolla vår som myndigheitsorgan.
Immaterielle verdiar kan utgjere inntil 90 % av verdiane i ein organisasjon. Når dei immaterielle verdiane i ein organisasjon eller bedrift blir forvalta godt, aukar sjansane for å lykkast med verdiskaping.
Samfunnsoppdraget vårt handlar derfor om å vere ein medspelar og legg til rette for god forvaltning av dei immaterielle verdiane, slik at lønnsemd og verdiskaping aukar hos bedrifter og generelt i det norske samfunnet.
Patentstyret har fire grunnleggjande verdiar som skal kjenneteikne det daglege arbeidet vårt og dei vala vi tek. Verdiane hjelper oss med å gjere visjonen levande, oppfylle samfunnsoppdraget vårt og nå måla våre.Vi skal arbeide aktivt med verdiane, og jamleg spørje oss sjølv og kundane våre om vi opptrer i samsvar med desse. Vi skal vere:
Patentstyret behandlar søknader og gir rettar til patent, varemerke og design i Noreg, til både norsk og utanlandsk næringsliv. Vi arrangerer kurs og held foredrag om immaterielle rettar og korleis dei kan sikrast og utnyttast til å skape verdi. I tillegg tilbyr vi ulike typar forundersøkingar. Her skaffar vi oversikt over teknologiområde og gir førehandsvurderingar av nye oppfinningar, varemerke og design.
Patentstyret er partnar i Nordisk Patentinstitutt og dermed internasjonal granskingsmyndigheit for patentsøknader gjennom det internasjonale søkjesystemet PCT. Nordisk Patentinstitutt utfører også ulike patentsøk og analysar for utanlandsk næringsliv.
Patentstyret vart oppretta i 1911. Følg historia gjennom 100 år.
I samband med 100-årsjubileet vårt i 2011 laga vi ein kavalkade om norske idear og nordmenn si oppfinnsamheit. Filmen er laga i samarbeid med NRK Aktivum.
Organisasjonsnummer: | 971 526 157 |
Postadresse: | Patentstyret, Postboks 4863 Nydalen, N-0422 Oslo |
Besøksadresse: | Sandakerveien 64, 0484 Oslo |
E-post: | post@patentstyret.no |
Kundesenter: | +47 22 38 73 00 |
Telefonførespurnader: Måndag–fredag 9.00–15.45
Vi held ope alle kvardagar.
Andelen kvinnelige oppfinnere i Norge øker, men er fortsatt bare på 6,7%.
Publisert 08. mars 2024
Mandag 4. mars lanserer Patentstyret Norske tidende i digitalt format. Kunngjøringer av opplysninger om patenter, varemerker og design skjer ukentlig i Norske tidende fra og med uke 10/2024.
Publisert 23. februar 2024
Fra 1. mars 2024 justeres satsene våre, blant annet for å søke om patent, design- eller varemerkeregistrering, og fornyelse av disse rettighetene.
Publisert 08. februar 2024