
Jobb hos oss
Ledige stillingar
Du vil få ein e-post når vi har ledige stillingar som kan vere relevant for deg.
(Knappane går til Webcruiter.)
Kvifor jobbe hos oss?
Visjonen vår er å gjere idear til verdiar. Dette gjer vi gjennom å hjelpe norsk og internasjonalt næringsliv, oppfinnarar, designarar og merkevarebyggjarar med å skape, sikre og handtere verdiane og rettane sine på ein god måte.
I Patentstyret har vi ei rekkje stillingar innanfor ulike fagområde. Vi har kunnskapsrike og hyggjelege tilsette som gjerne deler kompetansen med kollegaer og kundar. Hos oss får du bruke fagkunnskapen og utvikle deg vidare gjennom kontinuerleg opplæring, god oppfølging av leiarar og samarbeid med kollegaer.
Høg kompetanse, engasjerte og fornøgde medarbeidarar, høg kundetrivsel og varierte arbeidsoppgåver gjer at Patentstyret er blant dei beste arbeidsplassane i Noreg.
Vi har fleksibel arbeidstid og moglegheit for heimekontor. Vi ønskjer mangfald i organisasjonen, og tilrettelegg aktivt for å inkludere personar med nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en.
Bli kjend med andre i Patentstyret som jobbar med patent, varemerke, design og andre fagområde.
Utviklingsmoglegheiter
Vi har ca. 265 medarbeidarar med høg kompetanse innan ei rekkje fagområde. Juristar og sivilingeniørar/teknologar utgjer dei største faggruppene, i tillegg til medarbeidarar innan saksbehandling, arkiv, kommunikasjon og marknadsføring, økonomi, IT og HR.
For å sikre oss riktig kompetanse i åra framover, er Patentstyret stadig på jakt etter nye medarbeidarar med relevant erfaring.
Vi har eit breitt samarbeid med ulike internasjonale organisasjonar, noko som gir høve for å delta i internasjonale nettverk, konferansar og møte. Fleire medarbeidarar samarbeider med eksterne aktørar og held foredrag for næringsliv og studentar.
Vi er opptekne av godt medarbeidarskap og leiarskap. Derfor jobbar vi kontinuerleg og målretta med å utvikle tilsette på alle nivå.
Vi har gode erfaringar med lærlingar i både IKT og mediegrafikarfaget. Dei har fått prøve seg på varierte oppgåver og har trivest godt med å jobbe i Patentstyret.
Fine og sentrale lokaler
Vi held til i hyggjelege lokaler sentralt på Sandaker i Oslo, med butikkar, kafear, pubar og restaurantar samt fine grøntareal rett utanfor døra. Vi har eiga kantine, kurslokale, trimrom med gode garderobeforhold, eige tilsettbibliotek og parkering for sykkel, MC og bil.Vi flyttar til nye, flotte lokale på Valle i Hovinbyen i 2024.
Følgj oss på sosialer medier for å lære meir.
Klikk på ikona i footeren nedst på denne sida.
Tilgjengelegheitserklæring for Webcruiter (på nettstaden til uustatus.no)