Jobb hos oss

Patentstyret er arbeidsplassen for deg som ønskjer utfordrande arbeidsoppgåver, eit godt fagleg og sosialt arbeidsmiljø og fleksibilitet i kvardagen. Bli med når vi saman gjer idear til verdiar.

Kvifor jobbe hos oss?

Visjonen vår er å gjere idear til verdiar. Dette gjer vi gjennom å hjelpe norsk og internasjonalt næringsliv, oppfinnarar, designarar og merkevarebyggjarar med å skape, sikre og handtere verdiane og rettane sine på ein god måte.

I Patentstyret har vi ei rekkje stillingar innanfor ulike fagområde. Vi har kunnskapsrike og hyggjelege tilsetje som gjerne deler kompetansen med kollegaer og kundar. Hos oss får du bruke fagkunnskapen og utvikle deg vidare gjennom kontinuerleg opplæring, god oppfølging av leiarar og samarbeid med kollegaer.

Høg kompetanse, engasjerte og fornøgde medarbeidarar, høg kundetrivsel og varierte arbeidsoppgåver gjer at Patentstyret er blant dei beste arbeidsplassane i Noreg.

Vi har fleksibel arbeidstid og moglegheit for heimekontor. Vi ønskjer mangfald i organisasjonen, og legg til rette aktivt for å inkludere personar med set ned funksjonsevne eller hol i CV-en.

– Som innholdsprodsent er det viktig å få fram det visuelle og spennande i noko som kan verke tungt og komplisert. Vi har eit kjempefint arbeidsmiljø med nedpå, opne og morosame folk, noko som gjer oppgåva gøy. Pressearbeidet er veldig variert, og kan handle om alt frå ein kjendis i varemerkestrid til kvar Noreg hamnar i den globale innovasjonsindeksen. Det er mange sosiale arrangement som bidreg til god kontakt med hyggjelege kollegaer.

Vilde Brandtzæg Clausen

Vilde Brandzæg Clausen

innhaldprodusent, kommunikasjon og kunnskap

Utviklingsmoglegheiter

Vi har ca. 265 medarbeidarar med høg kompetanse innan ei rekkje fagområde. Juristar og sivilingeniørar/teknologar utgjer dei største faggruppene, i tillegg til medarbeidarar innan saksbehandling, arkiv, kommunikasjon og marknadsføring, økonomi, IT og HR.

For å sikre oss rett kompetanse i åra framover, er Patentstyret stadig på jakt etter nye medarbeidarar med relevant erfaring.

Vi har eit breitt samarbeid med ulike internasjonale organisasjonar, noko som gir høve for å delta i internasjonale nettverk, konferansar og møte. Fleire medarbeidarar samarbeider med eksterne aktørar og held foredrag for næringsliv og studentar.

Vi er opptekne av godt medarbeidarskap og leiarskap. Derfor jobbar vi kontinuerleg og målretta med å utvikle tilsetje på alle nivå.

Vi har gode erfaringar med lærlingar i både IKT og mediegrafikarfaget. Dei har fått prøve seg på varierte oppgåver og har trivest godt med å jobbe i Patentstyret.

Vi investerer mykje i godt miljø

Det sosiale er viktig i Patentstyret, og medarbeidarane våre set pris på det gode arbeidsmiljøet. Vi har fleire sosiale hendingar som julebord, sommarfest, skidag, pubaftanar og digitale spelkveldar. Vi har eit eige bedriftsidrettslag som driv trimrom og arrangerer ulike aktivitetar.

Snøhetta

Fine og sentrale lokale

Vi held til i hyggjelege lokale sentralt på Sandaker i Oslo, med butikkar, kafear, pubar og restaurantar og dessutan fine grøntareal rett utanfor døra. Vi har eiga kantine, kurslokale, trimrom med gode garderobeforhold, eige tilsettbibliotek og parkering for sykkel, MC og bil.

Vi flyttar til nye, flotte lokale på Valle i Hovinbyen i 2024.

Kundesenter i toppklassen

Vi er svært stolte av kundesenteret vårt. Medarbeidarane på kundesenteret legg ned mykje arbeid for å gi kundane vår best mogleg service. I 2023 vann vi prisen for beste kundeservice i offentleg sektor for femte år på rad.

Les mer om Om Patentstyret

Om Patentstyret

Patentstyret fremjar innovasjon og verdiskaping i næringslivet og samfunnet. Les meir om oss og samfunnsoppdraget vårt.

Les mer om Årsrapportar

Årsrapportar

Årsrapportane gir deg oppdaterte tal innanfor patent, varemerke og design. Her finn du òg informasjon om viktige hendingar, utviklingstrekk, utgreiingar og kommentarar.

Les mer om Strategi

Strategi

Ein engasjert medspelar for auka innovasjon og verdiskaping. Les meir om strategien vår.

Les mer om Bente, Eskil og Veronica er nasjonale eksperter på utveksling i EPO
VeronicaBente1-4-3 1
  • Nyheter

Bente, Eskil og Veronica er nasjonale eksperter på utveksling i EPO

Det europeiske patentverket (EPO) har ansatt flere nasjonale eksperter fra medlemslandenes patentverk i korte og lengre engasjementer. Tilsvarende sender de egne medarbeidere ut til nasjonale patentverk. Dette er en flott mulighet for de nasjonale ekspertene til å få nyttig innsikt og kunnskap, og ikke minst bli kjent med europeiske kolleger.

Publisert 19. mars 2024

Les mer om Velkommen til nye digitale Tidende
ToBølger-LysSvalgrønn-Mosegrønn
  • Nyheter

Velkommen til nye digitale Tidende

Mandag 4. mars lanserer Patentstyret Norske tidende i digitalt format. Kunngjøringer av opplysninger om patenter, varemerker og design skjer ukentlig i Norske tidende fra og med uke 10/2024.

Publisert 23. februar 2024