Om rekrutteringsprosessen
Søkje jobb i Patentstyret
Når du søkjer, er det viktig at du fortel noko om deg sjølv, kvifor du har lyst å jobbe hos oss og kva motivasjon du har for stillinga. Det er også viktig at du legg ved relevante vitnemål og attestar til søknaden din. Alle som blir kalla inn til intervju, blir bede om å ta med originale vitnemål og attestar eller stadfesta kopiar.
Ta vare på stillingsutlysinga. Når søknadsfristen er gått ut, forsvinn utlysingsteksten frå nettet.
Tilbakemelding
Straks du har søkt på ei stilling hos oss, får du ein e-post med stadfesting på at søknaden din er motteken. Etter at søknadsfristen er gått ut, vurderer vi alle søkjarar, før dei som er aktuelle for intervju blir kontakta.
Når tilsetjingsprosessen er over, sender vi ein e-post om at stillinga er besett og kven som har fått den.
Informasjon om deg i offentleg søkjarliste
Vi lagar ei offentleg søkjarliste. Den gir informasjon om namn, kjønn, bustadskommune og alder på alle søkjarar på stillinga. Det er svært strengje krav for å sleppe å vere med på ei slik liste. Ønskjer du ikkje at namnet ditt skal stå på lista, må du krysse av og grunngi dette når du søkjer. Dersom vi ikkje kan godta ønsket ditt, har du høve til å trekkje deg frå prosessen.
Informasjon i utvida søkjarliste
Alle søkjarar har rett til å be om å få sjå utvida søkjarliste. Den inneheld informasjon om namn, alder, utdanning og arbeidserfaring for alle søkjarane på stillinga. Det er ikkje mogleg å sleppe å stå på denne lista. Utvida søkjarliste blir berre gjord tilgjengeleg for søkjarar på stillinga.
Registrer din CV
Du kan leggje inn CV-en din i CV-databasen vår. Då får du varsel om stillingar på e-post.
Registrer ditt CV hos oss
(lenkja går til Webcruiter)
Patentstyret som arbeidsplass
Patentstyret er arbeidsplassen for deg som ønskjer utfordrande arbeidsoppgåver, eit godt fagleg og sosialt arbeidsmiljø og fleksibilitet i kvardagen. Les meir om korleis det er å jobbe hos oss