Vi auker kvaliteten på rekrutteringsprosessane våre

Vi innfører bakgrunnssjekk av eksterne kandidatar frå januar 2018.

For å auke kvaliteten i rekrutteringsprosessane våre har Patentstyret inngått avtale med sikkerheitsselskapet Semac om bakgrunnssjekk av eksterne kandidatar før fast tilsetjing. I tillegg til at vi informerer om bakgrunnssjekken på nettsidene til Patentstyret, vil det alltid stå informasjon om dette i stillingsannonsen.

Semac er Noregs leiande leverandør av bakgrunnssjekk. Ein bakgrunnssjekk er i hovudsak ein uavhengig tredjeparts verifisering av den informasjonen arbeidssøkjaren oppgir, samt ein gjennomgang av ei rekkje sikkerheitsrelaterte sjekkpunkt.

Ein bakgrunnssjekk frå Semac kan avdekkje alt frå avvik knytt til CV, utdanning, kompetanse og identitet til ei historie med ytterleggåande ytringar, brot på straffelova, konfliktar, omdømmesaker og rusproblematikk

Kvifor bakgrunnssjekk 

Urette og/eller mangelfulle opplysingar i CV'er, forfalsking av vitnemål med meir er dessverre noko som hender i stadig fleire rekrutteringsprosessar. Det at vi gjer bakgrunnssjekk av kandidatar vil i tillegg til å auke kvaliteten på rekrutteringsprosessane våre, styrke omdømmet vårt som arbeidsgivar og virke førebyggjande på den useriøse delen av søkjarmassen.

Kva er ein bakgrunnssjekk?

  1. Verifisere informasjon som blir lagd til grunn i rekrutteringsprosessen.
  2. Søkje etter sikkerheitsrelatert informasjon som kan vere av tyding for tilsetjingsprosessen.
Takk for tilbakemeldingen din! Ønskjer du svar, ring +47 22 38 73 00 og snakk med kundesenteret vårt.
Denne siden ble sist endret: