E-post og spam-filter

Ver merksam på risikoen for at e-posten din hamnar i spamfilteret vårt.

Patentstyret mottek store mengder spam-post kvar dag, og har eit spamfilter for å handtere dette. Det er viktig å vere klar over risikoen for at ein e-post til Patentstyret kan hamne i spamfilteret, særleg viss den sendast frå ei for systemet ukjent adresse.

Automatisk stadfesting

Viss e-posten din passerar spamfilteret og kjem fram til e-postkassen vår (post@patentstyret.no), vil du motta ei automatisk stadfesting på dette. Først når ei slik stadfesting er motteke, kan du vere sikker på at e-posten din er registrert motteke hos oss.

Du skal IKKJE sende søknader og korrespondanse direkte til ein saksbehandlar.

Bruk Altinn

For å vere sikker på leveringsdato og ei trygg og sporbar forsending, anbefalar vi alle kundane våre å bruke Altinn for elektronisk levering av søknader om varemerke, design eller patent, og andre dokument som gjeld slike rettar.

Det er fastsett i Patentstyret si betalingsforskrift Kapittel 1 (lenkja går til Lovdata) korleis slik elektronisk levering kan gjerast og korleis ein berekner leveringsdato ved elektronisk levering.

Lenkje til Patentstyret sine elektroniske tenester på Altinn

Takk for tilbakemeldingen din! Ønskjer du svar, ring +47 22 38 73 00 og snakk med kundesenteret vårt.
Denne siden ble sist endret: