Korleis mottek brev frå Patentstyret digitalt
For å sikre at du mottek viktig informasjon frå oss, ønskjer vi å sende deg brev via Altinn. Du vil då motta eit varsel om dette på e-post, og ved å logge deg inn i Altinn kan du lese brevet med ein gong.
Slik blir du Altinn-kunde
- Logg deg inn i Altinn.
- Vel skjemaet Korrespondanse til Patentstyret.
- Fyll inn kontaktinformasjonen din under «Avsender».
- Pass på å fylle ut e-postadressa di under «Kontaktinformasjon».
- Vel eit fagområde. I feltet «Rettighetsnummer» skriv du søknadsnummeret til ein søknad du har levert til oss.
- I feltet «Hva gjelder henvendelsen» skriv du at du ønskjer å bli Altinn-kunde. Dersom du har levert meir enn ein søknad til oss tidlegare, skriv du resten av søknadsnummera dine her. Du finn alle allment tilgjengelege søknader i databasen vår.
- Har du ikkje norsk nasjonalt ID-nummer? Da må du opprette ein brukar som forklart her: No Norwegian national ID number? og sende inn dette skjemaet som forklart over.
Dersom du representerer eit føretak, må dagleg leiar i føretaket delegere rolla «Patent, varemerke og design» til deg i Altinn. Dette blir gjort via fanen «Profil», «Andre med rettar til verksemda».