Kva vi kan og ikkje kan hjelpe deg med

Patentstyrets kundesenter og saksbehandlarar kan hjelpe deg med mykje, men det er ein del ting vi dessverre ikkje kan hjelpe deg med.

I Patentstyret skil vi mellom rettleiing og rådgjeving.

Med rettleiing meiner vi ei orientering om fagområda våre – patenter, varemerker og design - og kva som er særmerkt for dei ulike rettsområda. Patentstyret kan gje deg ei oversikt over kva moglegheiter som finst, kva som skal til for å søke om rettar og kva det eventuelt kan bety for deg og verksemda di.

Med rådgjeving meiner vi å gje konkrete framlegg om kva du skal eller bør gjere, eller hjelpe deg med ulike strategiar innanfor patent, varemerke eller design. Slik rådgjeving ligg utanfor oppdraget vårt som offentleg myndigheit. Om du ønskjer rådgjeving, bør du kontakte eit advokatfirma eller eit patentkontor. Desse er profesjonelle rådgjevarar som kjenner fagområdet og kan hjelpe deg med utnytting og handheving av immaterielle rettar.

Døme på kva vi ikkje kan hjelpe deg med:

Takk for tilbakemeldingen din! Ønskjer du svar, ring +47 22 38 73 00 og snakk med kundesenteret vårt.
Denne siden ble sist endret: