Kvalitetspolitikk

Patentstyret skal vere eit effektivt og kundenært kompetansesenter som innvilgar robuste rettar slik at norsk næringsliv kan få auka verdiskaping frå dei immaterielle verdiane sine. Ved å fokusere på næringsivet sine behov, leverer vi gode tenester som hjelper kundane i marknada deira. Dette betyr at vi tek korrekte avgjerder, leverer til rett tid, at kundar og tredjepart er tilfredse, og at vi utfører jobben kostnadseffektivt. 

Vi nyttar kundane sine tilbakemeldingar som innspel til kontinuerleg forbetring av prosessane og tenestene våre. Vi svarer raskt på kundespørsmål, og brukar eit språk som kundane forstår. Vi jobbar for berekraftig utvikling i nærings- og samfunnslivet og for at immaterielle rettar er godt kjend og brukt i innovasjon og næringsutvikling.

For å kunne levere relevante tenester av høg kvalitet er vi avhengige av engasjerte og kompetente medarbeidarar og ein kultur prega av openheit, læring, deling og inkludering. Dette blir oppnått blant anna ved å ha tydelege leiarar som vektlegg behovet til kundane og samfunnet, som hjelper med å prioritere mellom oppgåver og som motiverer, inspirerer og skaper tillit.

Samla sett skal Patentstyret vere ein engasjert medspelar for auka innovasjon og verdiskaping.

Kvalitetsleiaren er Siri Leander.
Ønskjer du å snakke med henne, kan du kontakte kundesenteret vårt.

Takk for tilbakemeldingen din! Ønskjer du svar, ring +47 22 38 73 00 og snakk med kundesenteret vårt.
Denne siden ble sist endret: