Miljøsertifisering

Patentstyret blei miljøsertifisert første gong i 2011, og resertifisert i november 2017 gjennom stiftelsen Miljøfyrtårn.

Miljøfyrtårn er ei nasjonal sertifiseringsordning retta mot verksemder i privat og offentleg sektor. Ordninga blir støtta og anbefalt av Miljøverndepartementet.

Miljøsertifiseringa krev at Patentstyret har systematisk og aktivt miljøarbeid innanfor områda:

  • internkontroll HMS
  • arbeidsmiljø
  • energibruk
  • innkjøp og materialbruk
  • avfalls- og utsleppshandtering
  • transport
  • klimarekneskap

Dette inneber bla. at vi jobbar aktivt med å måle og forbetre arbeidsmiljøet, redusere energiforbruket, stille miljøkrav til våre leverandørar, redusere forureining pga. transport og redusere utslepp i vatn.

Patentstyret ønskjer med miljøfyrtårnsertifiseringa å ta samfunnsansvar og å bidra til ei betre verd for oss og generasjonane etter oss.

Sjå Miljøfyrtårn-sertifikatet (PDF-fil)

Takk for tilbakemeldingen din! Ønskjer du svar, ring +47 22 38 73 00 og snakk med kundesenteret vårt.
Denne siden ble sist endret: