
Om Patentstyret
Patentstyret er ein etat under Nærings- og fiskeridepartementet. Vi bidreg til konkurransekraft og hjelper norsk næringsliv med å styrkje verksemda si på ulike måtar. Vi gir kunnskap om immaterielle rettar og verdiar, slik at bedrifter kan sikre investeringane og konkurranseposisjonen sin og skape økonomisk vekst i det norske samfunnet. Vi skal vere ein aktiv medspelar for forsking, innovasjonsmiljø og næringsliv – i tillegg til rolla vår som myndigheitsorgan.
Kontaktinformasjon
- Postadresse: Patentstyret, Postboks 4863 Nydalen, N-0422 Oslo
- Besøksadresse: Sandakerveien 64, 0484 Oslo (KART)
- Kundesenter: +47 22 38 73 00
- E-post: post@patentstyret.no
- Meir kontaktinformasjon
- Patentstyrets organisasjonsnummer: 971 526 157
Leiargruppa til Patentstyret
Kathrine Myhre er direktør og utgjer saman med 6 avdelingsdirektørar leiargruppa i Patentstyret.
Les meir om Patentstyrets leiargruppe
Patentstyret sine oppgåver
Patentstyret behandlar søknader og gir rettar til patent, varemerke og design i Noreg, for både norsk og utanlandsk næringsliv. Vi arrangerer kurs og held foredrag om verdien av immaterielle rettar og korleis dei kan sikrast og utnyttast til å skape verdi. I tillegg utfører vi på oppdrag ulike typar forundersøkingar. Her skaffar vi oversikt over teknologiområde og gir førehandsvurderingar av nye oppfinningar, varemerke og design.
Patentstyret er partnar i Nordisk Patentinstitutt og dermed internasjonal granskingsmyndigheit for patentsøknader gjennom det internasjonale søkjesystemet PCT. Nordisk Patentinstitutt utfører også ulike patentsøk og analysar for utanlandsk næringsliv.
Kva vi kan og ikkje kan hjelpe deg med
Patentstyret sitt kundesenter og saksbehandlarane våre kan hjelpe deg med mykje, men det er ein del ting vi dessverre ikkje kan hjelpe deg med.
Vi skil mellom rettleiing og rådgiving. Få ei oversikt over kva vi kan og ikkje kan hjelpe deg med.
Patentstyret sin visjon: Gjer idear til verdiar
Visjonen vår rører ved kjernen i verksemda. Tydinga kan forståast reint forretningsmessig for den enkelte verksemda, men spelar samtidig på eit meir overordna, samfunnsmessig perspektiv. Formuleringa opnar for ei tilleggstyding ved også å framstå som ei oppfordring til kundane våre.
Patentstyret sine verdiar
Patentstyret har fire grunnleggjande verdiar som skal kjenneteikne det daglege arbeidet vårt og dei vala vi tek.Verdiane hjelper oss å gjere visjonen levande, fylle samfunnsoppdraget vårt og no måla våre.Vi skal arbeide aktivt med verdiane, og jamleg spørje oss sjølv og kundane våre om vi opptrer i samsvar med verdiane. Vi skal vere:
- truverdige
- kunderetta
- engasjerte
- løysingsorienterte
Rettleiing og rådgiving
I Patentstyret skil vi mellom rettleiing og rådgiving.
Med rettleiing meiner vi ei orientering om fagområda og særtrekket deira. Patentstyret skal rettleie kundane ved å gi ei oversikt over kva alternativ som finst og kva som eventuelt kan vere konsekvensen av vala som blir tekne.
Med rådgiving meiner vi å gi konkrete forslag på kva ein kunde skal eller bør gjere, eller hjelpe med ulike typar strategiar for vern innan patent, varemerke eller design. Slik rådgiving ligg utanfor oppdraget vårt som offentleg styresmakt. Ønskjer du rådgiving, bør du ta kontakt med eit advokatfirma eller eit patentbyrå. Desse profesjonelle rådgivarane kan hjelpe deg med utnytting og handheving av immaterielle rettar.
Patentstyret sine etiske retningslinjer
Dei etiske retningslinjene er av overordna karakter. Dei er meint å vere generelle rettesnorer til hjelp i konkrete etiske tvilstilfelle. Truverdigheit er ein av Patentstyrets verdiar, og samsvar med dei etiske retningslinjene er ein føresetnad for at publikum skal ha tillit til oss. Vi som arbeider i Patentstyret vi skal ha eit medvite forhold til dei etiske retningslinjene og etterleve dei i praksis.
Retningslinjene omhandlar blant anna habilitet og kontakt med tidlegare kollegar. Patentstyret har kundar som personleg kjenner eller er vener med medarbeidarar i Patentstyret. Det blir derfor kravt spesiell merksemd hos medarbeidarane med omsyn til habilitet og likebehandling, og Patentstyret har en eigen rutine for habilitetsvurdering.
Retningslinjene har utspringet sitt i i allmenngyldige etiske verdiar og normer. Alle medarbeidarar i Patentstyret har eit personleg ansvar for å følgje desse retningslinjene på ein god måte. Patentstyret sine leiarar har eit særleg ansvar som rollemodellar og har plikt til å følgje opp brudd på dei etiske retningslinjene som dei blir kjende med. Patentstyret set også jamleg etikk på agendaen som ein del av virksomheitsstyringa.
Etiske retningslinjer for statstenesta – lenkje til regjeringen.no