Oversikt over bærekraftsmål (Sustainable Development Goals)
Kilde: wipo.int/sdgs/en/story.html

Patentstyret og FN sine berekraftsmål

FN sine berekraftsmål er verdas felles arbeidsplan for å utrydde fattigdom, kjempe mot ulikskap og stoppe klimaendringane innan 2030.

Som symbolet over viser, er planen delt inn i 17 hovudtema, der innovasjon og infrastruktur er sentralt for Patentstyrets verkeområde, immaterielle rettar og verdiar (IP).  

Les meir om berekraftsmåla  til FN på regjeringa.no.

Rettar til miljøvennleg teknologi

Omlegging til grønare teknologi og miljøvennlege produkt er avhengig av lønnsemd. Sjølv om vi gir rettar til alle typar teknologi, ser vi at interessa for miljøvennlege produkt og teknologi heilt ned på konsumentnivå er så sterke at den påverkar innovasjonsretninga på viktige område. Her er IPR-systemet ein motivasjonsfaktor, og Patentstyret ein tilretteleggar for miljøvennleg teknologi. Tal frå EPO (Den europeiske patentorganisasjonen) viser eksempelvis at patentering rundt miljøvennleg lagringsteknologi for straum har auka kraftig. Dette er heilt sentralt for grønare transportløysingar verda over.
Les EPO sin rapport «Innovation in batteries and electricity storage – a global analysis based on patent data».   
Les landskapsanalysen utarbeidet av Patentstyret: : Grønn teknologi – globale trender og muligheter (PDF)

IP-opplæring som hjelp til utviklingsland 

Patentstyret arrangerer årleg opphald og kurs med ulike tema innan vern av immaterielle rettar for tilsette i patentverka i ulike utviklingsland. Patentstyret gjennomfører aktiviteten i samarbeid med WIPO Academy, og den blir finansiert av Utanriksdepartementet.

Kampen mot piratkopiar

Saman med fleire offentlege myndigheiter danna Patentstyret i 2015 eit nettverk som hjelper til å kjempe mot alvorlege og organiserte inngrep i immaterielle rettar og omsetning av piratkopierte varer i Noreg. Patentstyret leier nettverket og driv nettsida velgekte.noProduksjon av slike produkt utgjer ein alvorleg miljøtrussel ved at skadelege giftstoff og kjemikal slepp ut i naturen i strid med prosedyrar og regelverk. Enorme mengder piratkopierte varer av ukjent materiale blir destruert kvart år. I tillegg er det grundig dokumentert at mykje av produksjonen blir styrt av organisert kriminell verksemd som utnyttar sårbar arbeidskraft, inkludert barnearbeid. 

Forbetrar globalt system for å styrkje innovasjon i fleire land

Som medlem av FN-organisasjonen WIPO (World Intellectual Property Organization), deltek vi i arbeidet med å forbetre verdsomspennande ordningar som oppmuntrar nasjonane til å opprette og utvikle lovgiving rundt immaterielle verdiar (IP). Gode nasjonale system for å vareta menneska sin kreativitet er ein føresetnad for økonomisk vekst. Betre rammeverk og forpliktande internasjonalt samarbeid på dette feltet vil ytterlegare styrkje landa si interesse for å levere innovasjon og finne nye løysingar på felles utfordringar. 

Unik samling teknisk litteratur

Tekniske nyvinningar byggjer som oftast på forbetringar og effektiviseringar av tidlegare løysingar. Kunnskap og dokumentasjon av kjend teknikk står dermed sentralt ved utvikling av banebrytande produkt. Patentstyret rettleier og tilrettelegg for at flest mogeleg skal ha best mogeleg tilgang til det vi trur er den største samlinga i verda av tekniske litteratur. 

Kunnskap til innovasjonsmiljø og næringsliv

Patentstyret formidlar kunnskap om immaterielle rettar og verdiar, slik at bedrifter lettare kan sikre investeringar i innovasjon, styrkje konkurranseposisjonar og skape berekraftig, økonomisk vekst i samfunnet. Vi er ein aktiv medspelar for forsking, innovasjonsmiljø og næringsliv.

Vi arrangerer kurs og seminar innan IPR. I 2018 arrangerte vi konferansen «Green technologies and renewable energies – Innovating and patenting» i samarbeid med Det europeiske patentverket (EPO). Les oppsummeringa frå konferansen (PDF).

Samarbeid med WIPO

WIPO (World Intellectual Property Organization) er FN sin organisasjon for immaterialrett. Som medlem av WIPO deltek Noreg og Patentstyret i arbeidet med å forbetre verdsomspennande ordningar innan immaterielle verdiar (IP). Om WIPO sitt arbeid med FN sine berekraftsmål: WIPO and the Sustainable Development Goals

Takk for tilbakemeldingen din! Ønskjer du svar, ring +47 22 38 73 00 og snakk med kundesenteret vårt.
Denne siden ble sist endret: