Presse

Har du behov om informasjon frå Patentstyret om immaterielle rettar, er du på jakt etter statistikk eller ønskjer du ei fråsegn frå oss når det gjeld varemerke-, design- og patentregistreringar? Pressekontakten vår tek i mot alle førespurnader frå media.

Person-på-svarberg-ser-utover-havet
Les mer om Årsrapportar

Årsrapportar

Du finn også mykje nyttig informasjon og sentrale tal i årsrapportane til Patentstyret.

Tall og statistikk

Er norske bedrifter opptekne av å verna eige design? Kor mange varemerke blir registrerte av Patentstyret? Innan kva område kjem det flest patentsøknader? Sjekk ut statistikken vår med daglege oppdateringar av tal.

Faktabokser



Her har me samla ei oversikt over kortfatta faktainformasjon som du kan nytte i nyheitssaker.

Patentering av ei oppfinning gir einerett til å utnytte oppfinninga kommersielt i 20 år. For å få patent må du levere ein søknad til Patentstyret. Oppfinninga må utgjere ei praktisk løysing av eit problem, der løysinga har teknisk karakter, teknisk effekt og kan reproduserast. Oppfinninga må også ha ”oppfinningshøgd”, noko som betyr at den må vere ny og skilje seg vesentleg frå tidlegare kjend teknikk på området.

Eit varemerke er eit særprega kjenneteikn for varer og tenester. Kan blant anna bestå av namn, ord, logo og figur. Du kan beskytte eit varemerke mot etterlikningar gjennom å søkje om varemerkeregistrering hos Patentstyret. Eit varemerke kan registrerast berre dersom det er eigna til å skilje eigne varer og/eller tenester frå andre sine.

Eit varemerke er eit særprega kjenneteikn for varer og tenester. Kan blant anna bestå av namn, ord, logo eller figur. Du kan beskytte eit varemerke mot etterlikningar gjennom å søkje om varemerkeregistrering hos Patentstyret.

Viktigaste fordelar

  • Gir einerett til å bruke merket som kjenneteikn for eigne varer og/eller tenester
  • Gir einerett til å bruke merket med kommersielt formål, til dømes bruk av namnet på sjølve vara, på innpakninga, i reklame, på internett, i muntleg omtale eller på annan måte. Eineretten gjeld i heile Noreg.
  • Eineretten varar i 10 år, og kan fornyast kvart 10. år eit ubegrensa tal gonger.

Krav for å få registrering

Eit varemerke kan registrerast berre dersom det er eigna til å skilje eigne varer og/eller tenester frå andre sine. Namn som kun beskriv vara sin art, eigenskapar eller på andre måtar beskriv vara, kan ikkje registrerast som varemerke. Døme på beskrivande merke er "grovbrød" for brød, "bringebær" for syltetøy og ”europareiser” for reisearrangement. Namnet må ha særpreg. Andre viktige vilkår for registrering er at namnet ikkje må vere villeiande og at det heller ikkje kan forvekslast med andre sine namn, føretaksnamn eller varemerke.

Utsjånaden og forma til eit produkt, eller til delar av produktet. Omgrepet omfattar også ikkje-fysiske gjenstandar, som skjermbilete for web, grafiske symbol o.l. For å få vern ved registrering må designet vere nytt og ikkje vore offentleg i meir enn 12 månader.

Patentstyret er ein statleg etat under Nærings- og fiskeridepartementet. Dei har som hovudoppgåve å behandle søknadar om patent, varemerke- og designregistreringar. I tillegg driv dei utstrakt informasjonsverksemd for å forklare kva industrielt rettsvern betyr.

Samlenemning for rettar til blant anna patent, varemerke og design. Gir innehavaren einerett til å utnytte eigne produkt og tenester kommersielt. Immaterielle rettar blir reikna som ei føresetnad for økonomisk vekst, både for enkeltbedrifter og for samfunnet.

Patentstyret si søkjeteneste, som er gratis og open for alle, viser all offentleg informasjon rundt varemerke, patent og design i Noreg. Frå eitt søkjefelt får du raskt oversikt over kven som har rettar til kva, illustrasjonar og bilde knytta til ulike registreringar, status i saker, informasjon om betaling av avgifter samt journal med dokument. Verktøyet gir også moglegheiter for samanstilling av opplysningar, sortering og analyse.

Gjer eigne undersøkingar.

I Patentstyret si søkjeteneste finn du all offentleg informasjon rundt varemerke, patent og design i Noreg. Her får du kjapt oversikt over kven som har rettar til kva, illustrasjonar og bilde knytta til ulike registreringar, status i saker, informasjon om betaling av avgifter samt journal med dokument.

Du kan også sjølv finne svar på spørsmål som: ”korleis blir patent, varemerke og design brukt som verktøy i innovasjonsprosessen i Østfold samanlikna med Rogaland?”

Søkjetenesta er gratis og open for alle.

Profil og logo

Patentstyrets visuelle identitet skal sørgja for at me verkar samla og einskapleg overfor kundane våre, samarbeidspartnarar og samfunnet. Sjekk ut profilmanualen vår

Pressekontakt

Les mer om Strategi

Strategi

Ein engasjert medspelar for auka innovasjon og verdiskaping. Les mer om strategien vår.

Les mer om Bente, Eskil og Veronica er nasjonale eksperter på utveksling i EPO
VeronicaBente1-4-3 1
  • Nyheter

Bente, Eskil og Veronica er nasjonale eksperter på utveksling i EPO

Det europeiske patentverket (EPO) har ansatt flere nasjonale eksperter fra medlemslandenes patentverk i korte og lengre engasjementer. Tilsvarende sender de egne medarbeidere ut til nasjonale patentverk. Dette er en flott mulighet for de nasjonale ekspertene til å få nyttig innsikt og kunnskap, og ikke minst bli kjent med europeiske kolleger.

Publisert 19. mars 2024

Les mer om Velkommen til nye digitale Tidende
ToBølger-LysSvalgrønn-Mosegrønn
  • Nyheter

Velkommen til nye digitale Tidende

Mandag 4. mars lanserer Patentstyret Norske tidende i digitalt format. Kunngjøringer av opplysninger om patenter, varemerker og design skjer ukentlig i Norske tidende fra og med uke 10/2024.

Publisert 23. februar 2024