Allment tilgjengeleg
Patent
Ein søknad om patent blir allment tilgjengeleg 18 månader etter den dagen søknaden er levert inn til Patentstyret. For patentsøknadar med prioritet, reknast 18 månaders frist frå prioritetsdagen.
Design
Ein designsøknad haldast automatisk hemmeleg i inntil seks månader, med mindre søkjaren ber om at søknaden skal vere allment tilgjengelig allereie ved innlevering. Det er mogleg å utsette registreringa i opptil seks månader frå søknadsdatoen eller prioritetsdatoen, eller oppgi ein bestemt dato innanfor dette tidsrommet. Viss registreringa ikkje har skjedd innan seks månader rekna frå søknadsdagen eller prioritetsdagen og du krev prioritet, vil søknaden automatisk bli allment tilgjengeleg. Sjølv om søknaden er heldt hemmeleg er bibliografiske opplysningar allment tilgjengelege, til dømes namn og adresse på søkaren.
Varemerke
Ein søknad om varemerkeregistrering er allment tilgjengeleg frå den dagen søknaden er innlevert.
NB: Det finst visse unntak for forretningsløyndommer på alle område.
Hemmeleghald og teieplikt
Offentlegheit og openheit er viktige prinsipp som gir forvaltinga tillit i samfunnet. Dette er viktig både for den enkeltes rettvern og for å kunne utføre demokratisk kontroll med utøvinga til forvaltinga av styresmakt. Det finst likevel enkelte unnatak frå dette som gir høve til hemmeleghald hos Patentstyret.