Årsavgifter

Du må betale årsavgifter for å öppretthalde patentsøknaden / patentet.

Årsavgifter må du betale kvart år og de forfell forskuddsvis, første gong to år etter innlevering av søknaden. Det betyr at første forfall er ved inngangen til tredje avgiftsår. Årsavgiftene for første og andre avgiftsår betalast samtidig med avgift for tredje avgiftsår. Avgiftsåret reknast frå den månaden søknaden blir innlevert til Patentstyret og forfall blir sett til siste dagen i denne månaden.

Forfall av fjerde og dei følgjande avgiftsåra forfell forskuddsvis same kalendermånad kvart år.

Eit døme:

Innleverast ein søknad om patent 1. juni 2008, vil første forfall av årsavgift vere 30. juni 2010. Innbetalinga gjeld da årsavgift for tre år, dei to første åra på etterskudd og forskudd for tredje år. Avgift for fjerde avgiftsår forfell da 30. juni 2011 osv.

Takk for tilbakemeldingen din! Ønskjer du svar, ring +47 22 38 73 00 og snakk med kundesenteret vårt.
Denne siden ble sist endret: