CPC (Cooperative Patent Classification)
Kva er eit klassifikasjonssystem?
Alle patentsøknadar klassifiserast etter teknisk innhald for å gjere det lettare for ein saksbehandlar å finne tilsvarande oppfinning og vurdere om oppfinninga er kjent frå før.
Meir om CPC
CPC er i stor grad basert på det internasjonale patentsystemet (IPC) som blir administrert av WIPO (World Intellectual Property Organization). Mange land i Europa, Asia og Amerika tar nå i bruk CPC for å klassifisere nasjonalt patentmateriale. Patentstyret harmoniserer dermed med mange andre patentmyndigheiter.
CPC gir moglegheit til å klassifisere meir detaljert enn IPC fordi systemet inneheld fleire underkategoriar enn IPC. Granskinga og saksbehandlinga bli meir effektiv og det blir lettare og raskare å finne dokument innan eit bestemt område. Når vi klassifiserer etter CPC blir det lettare for andre patentverk å finne våre nasjonale dokument, noko som indirekte vil kunne fremje norsk innovasjon.
Fram til oktober 2015 har Patentstyret brukt det internasjonale klassifiseringssystemet IPC og vi vil fortsette å bruke dette systemet når vi publiserer patentdokument i følgje dei internasjonale avtalane våre. Alle patentdokument vil i tillegg bli publisert med IPC-symbol.