Framleis behandling trass i fristoversitjing
Døme på typer av fristoversijtingar der høve til fortsatt behandling gjeld:
- Ved betaling av årsavgifter og fornyingar
- Oversitjing av gjenopptakingsfristen
- Frist for å betale gjenopptakingsgebyr
- Frist for å levere klage til Klagenemnda for industrielle rettar
- Frist for å betale gebyr for krav om fortsatt behandling (oppreisingsgebyr)
- Frist for å validere eit EP-patent
- Frist for å betale valideringsgebyr for EP-patent
- Frist for å vidareføre ein PCT-søknad til nasjonal fase
- Frist for å betale søknadsavgift PCT (samt gebyr for utsett omsetjingsfrist)
- Gjenoppretting av prioritet i patentsaker. Sjå utfyllande reglar for dette
Slik leverer du eit krav om fortsatt behandling trass i fristoversitjing
Send ein skriftleg søknad med krav om dette til Patentstyret. Søknaden må vere motteke av Patentstyret seinast innan 2 månader etter at du eller fullmektigen din vart merksam på fristoversitjinga.
Patent: Viss saka gjeld eit patent eller ein patentsøknad, må vi ha motteke kravet ditt uansett seinast 12 månader etter at den aktuelle fristen gjekk ut. For manglande betaling av årsavgift som inntrefte før 1. juli 2019, er fristen seinast 6 månader etter siste frist.
Varemerke og design: Gjeld fristoversitjinga ei varemerke- eller ei designsak, må vi ha motteke kravet ditt uansett seinast 4 månader etter at den aktuelle fristen er ute.
Innan dei same fristane må du også gjere den unnlatte handlinga, det vil seie at du må gjere det du skulle ha gjort innan den fristen som gjekk ut. Dette kan til dømes vere å betale den eller dei avgiftene som manglar eller å svare på brevet vårt.
Viss den unnlatte handlinga er å betale ei avgift eller eit gebyr til Patentstyret, og det ikkje lenger er mogleg å betale gjennom handlevogna i søkjetenesta vår, må du betale direkte til Patentstyret sitt kontonummer: 8276.01.00192.
NB: Hugs å oppgi søknadsnummeret eller nummeret på retten for saka di når du betalar.
Slik grunngjer du kravet ditt
Kor omfattande grunngiving du må gi, og kva som er terskelen for å få saka di tatt under behandling, vil avhenge av om fristoversitjinga inntraff før eller etter 1. juli 2019. Grunnen til ulike vurderingar, er endringar i lovverket.
I overgangsreglane er det bestemt at kravet om at fristoversitjinga må ha vore utilsikta berre skal gjelde der fristoversitjinga skjer etter at lova har tredd i kraft, 1. juli 2019.
For fristar som går ut frå og med 1. juli 2019:
For fristar som går ut 1. juli 2019 eller seinare, gjeld eit krav om at fristoversitjinga var utilsikta. Du må i kravet forklare kvifor oversitjinga av fristen ikkje var bevisst. Kravet om at fristoversitjinga må ha vore utilsikta er heilt nytt. Patentstyret viser derfor til fråsegn frå departementet i Prop. 52 L (2018-2019) side 16 og side 46 om korleis vilkåret skal leggjast til grunn i Patentstyret si saksbehandling:
«Til dette bemerker departementet at saken ikke bør kunne tas til videre behandling utelukkende på grunnlag av en helt generell erklæring om at det har vært meningen å videreføre søknaden eller rettene. Det vil likevel være tilstrekkelig å levere en erklæring som redegjør for at den konkrete fristoversittelsen ikke har skjedd bevisst. Patentstyret skal da legge dette til grunn, uten noen ytterligere prøving.»
«I tillegg er det materielle vilkåret for å få fristoversittelsen satt ut av betraktning endret, fra et aktsomhetskrav til et krav om at fristoversittelsen skal ha vært utilsiktet. Dette betyr at patentsøkeren, patenthaveren eller fullmektigen, der årsaken til fristoversittelsen ligger hos denne, ikke har oversittet fristen bevisst. Vilkåret skal ikke tolkes strengt. Det er imidlertid ikke tilstrekkelig å påberope at det foreligger en generell intensjon om å videreføre søknaden eller patentet. Det må sannsynliggjøres at selve den konkrete fristoversittelsen var utilsiktet. Det skal ikke lenger skje noen prøving fra Patentstyrets side av hvorvidt det er utvist tilstrekkelig aktsomhet for å overholde fristen. Patentstyret skal i stedet legge forklaringen fra søker, eventuelt patenthaver eller fullmektig, til grunn uten ytterligere prøving så fremt den sannsynliggjør at den konkrete fristoversittelsen ikke har skjedd bevisst.»
Prop. 52 L (2018-2019) Endringar i patentlova mv. (forenklingar) (PDF)
Patentstyret vil i saksbehandlinga leggje den konkrete forklaringa til grunn utan ytterlegare prøving. Det vil derfor ikkje vere nødvendig å gi ei lang og utfyllande forklaring. Det er likevel ikkje tilstrekkeleg med ei generell opplysing om at det finst ein generell intensjon om å fortsette saksbehandlinga eller behalde retten. Det må med andre ord bli gitt ei konkret forklaring på årsaka til fristoversitjinga.
For fristoverstjingar som inntrefte før 1. juli 2019:
- Det gjeld eit strengt krav til aktsamheit ved fristoversitjing
Det stillast som utgangspunkt eit strengt krav til aktsamheita di viss du har oversitte ein lovbestemt frist som inntraff før 1. juli 2019. Brukar du ein fullmektig til å representere deg overfor Patentstyret, vil kravet til aktsamheit også omfatte fullmektigen. Som hovudregel kan saka di berre takast under fortsatt behandling viss fristoversitjinga skuldast ein enkeltståande feil gjort av underordna personale og under føresetnad av at det har vore etablert tilfredsstillande rutinar for å sikre at frister blir overholdt.
Du må normalt vise til at du og/eller fullmektigen din har eit saksbehandlingssystem som er logisk og overskueleg, og at arbeidsrutinane blir utførde av kvalifisert personale, samt at det føreligg eit akseptabelt kontrollsystem for "kryssjekk" av viktige arbeidsoppgåver.
I kravet ditt er det derfor viktig at du gir ei fullstendig og grundig forklaring av kvifor du ikkje har overheldt fristen. Viss fristoversitjinga skuldast sjukdom, må du dokumentere dette ved å sende inn ein kopi av sjukemelding eller liknande.
For at vi skal kunne ta kravet ditt til følgje, må du ha vore så aktsam som vi med rimelegheit kan krevje av det ved fristoversitjinga. Det er di eiga plikt som innehavar av ein søknad eller ein rett å passe på at fristar blir overheldt. Når det gjeld betaling av årsavgifter eller fornyingar, er det til dømes ikkje tilstrekkeleg å berre basere deg på å motta varselbrev frå Patentstyret.
Døme på moment som kan vere relevante å ta med i kravet ditt:
- Kva for rutinar hadde dykk for å overhalde frister for fornying av retten?
- Hadde du noko form for kontrollrutinar for betaling av avgifter for å sikra at avgifter blei betalt i tilfelle du var forhindra frå å følgje opp løpande betalingar?
- Viss oversitjinga gjeld årsavgift eller fornyingsavgift: Kvifor fylgde du ikkje med på retten din i Patentstyret si søkjeteneste der fristane for betaling går fram?
- Kvifor hadde du ikkje gitt Patentstyret beskjed om eventuell adresseendring?
- Kvifor ba dei ikkje om fristforlenging for å svare på Patentstyret sitt brev?
Kva skjer etter at vi har motteke kravet ditt?
Når vi har motteke kravet ditt om at saka skal takast under fortsatt behandling, undersøkjer vi om du har levert kravet ditt innan to månader etter at du blei merksam på at fristen var gått ut. Vi kontrollerer også at du innan same frist har gjort den unnlatte handlinga (til dømes å svare på brevet vårt eller betale avgiftene som manglar).
Viss vi meiner at dei formelle vilkåra i lova er oppfylde, sender vi deg ein faktura på eit gebyr for behandling av kravet ditt. Dette gebyret utgjer kr. 3 000 for patentsaker, kr. 2 750 for varemerkesaker og kr. 2 800 for designsaker. Fakturaen har ein månads betalingsfrist.
Viss vi skal kunne behandle kravet ditt, må du betale gebyret innan fristen som er oppgitt på fakturaen. Etter at du har betalt gebyret, vil vi ta kravet ditt opp til behandling i eit utval som vurderer om saka di oppfyller vilkåra i lova om fortsatt behandling trass i fristoversitjinga.
Har du spørsmål?
Lurer du på noko knytt til fortsatt behandling trass i fristoversitjing? Kontakt kundesenteret vårt på tlf. +47 22 39 73 00.
Regelverk
Vilkåra for å få saka di tatt under fortsatt behandling trass i fristoversitjing blir regulert av lovvedtak i:
- patentlova § 72 (for patentsaker)
- varemerkelova § 80 (for varemerkesaker)
- designlova § 50 (for designsaker).
Lenkjene blir åpna i Lovdata.