Forvekselbarheit

Dette er eit uttrykk som vi brukar når ein stor del av kundekretsen vil tru at to varemerke har same kommersielle opphav, til dømes at dei kjem frå same produsent.

Forvekselbarheit er avhengig av likskapen mellom merka, og at dei er registrert eller søkt registrert for varer av same eller liknande slag.

Kva som er varer av same slag er ikkje problematisk. Kva som er varer av liknande slag byggjer i stor grad på skjønn. Når vi tek ei avgjerd i slike saker, blir det tatt omsyn til om varene vanlegvis blir selde på same stad, vanlegvis produserast av same produsent, vanlegvis brukast saman eller at dei av andre grunnar blir oppfatta som likearta.

Viss merka er identiske eller svært like, blir det kravt mindre likskap mellom varene før vi konstaterer forvekselbarheit. Dette gjeld også omvendt; viss varene er identiske eller svært like, blir det kravt mindre likskap mellom merka før vi konstaterer forvekselbarheit.

Kva skjer viss to varemerke er forvekselbare?

Viss vi meiner at to varemerke er forvekselbare, kan vi ikkje registrere den nyaste varemerkesøknaden (eventuelt det nyaste varemerket). Men hugs at du kan innhente samtykke. Får du skriftleg samtykke til registrering frå eigaren av det eldste merket, kan også det yngste merke registrerast.

Takk for tilbakemeldingen din! Ønskjer du svar, ring +47 22 38 73 00 og snakk med kundesenteret vårt.
Denne siden ble sist endret: