Fullmektig / patentfullmektig

Ein fullmektig / patentfullmektig er ein som er gitt rett til å handle på vegner av andre.

Patentstyret krev ikkje at du oppnemner ein fullmektig. Vi sender all korrespondanse til deg som søkjar eller innehavar viss du ikkje har valt ein fullmektig i saka, men det kan oppstå situasjonar der ein fullmektig likevel er ønskjeleg eller nødvendig.

I Noreg finst det private patentbyrå som kan hjelpe med blant anna utarbeiding av patent-, varemerke- og designsøknadar i Noreg og utlandet, samt følgje opp viktige tidsfristar og innbetalingar.

Viss du ikkje er spesielt kyndig innanfor området industrielle rettar eller har lita tid til å arbeide med søknadsprosessen, bør du vurdere å bruke eit profesjonelt patentbyrå.

For ei oversikt over patentbyråa, kan du sjekke rådgivarbasen på nettsida iprhjelp.no eller søkje på internett etter patentbyrå eller patentkontor.

Les meir om korleis ein patentfullmektig kan hjelpe deg med:

Takk for tilbakemeldingen din! Ønskjer du svar, ring +47 22 38 73 00 og snakk med kundesenteret vårt.
Denne siden ble sist endret: