Immaterialrett/ immaterielle rettar (IPR)

Immaterielle rettar (IPR) eller åndsrett er ei samlenemning for blant anna patent-, varemerke- og designretten, bruksmønster, retten til føretaksnamn, forfattar- og kunstnarretten, fotografiretten og retten til kretsmønster for integrerte kretsar.

Den gir innehavaren einerett til å utnytte åndsverket sitt.

Immaterielle rettar utgjer ein stadig viktigare del av fundamentet for innovasjon og verdiskaping. Internasjonalisering innan forskning, næringsliv og teknologi gjer at slike rettar er under større press enn tidlegare.

Patentstyret er ein viktig aktør i arbeidet med å sørge for at rettar og dei verdiane dei representerer blir sikra.

Engelsk: Intellectual Property Rights - IPR

Oversikt over relevante aktørar på området (verkemiddelapparatet)

Takk for tilbakemeldingen din! Ønskjer du svar, ring +47 22 38 73 00 og snakk med kundesenteret vårt.
Denne siden ble sist endret: