Informert brukar (design)
Ein fiktiv person som vi brukar som mal for å avgjere om eit design har individuell karakter.
Personen er godt opplyst om kva for produkt som finst på marknaden i den aktuelle produktkategorien, men vedkommande er ikkje ekspert eller profesjonell på området. For å avgjere om eit design har individuell karakter, spør man seg om ein informert brukar vil sjå tydeleg forskjell på det søkte designet og andre design som finst.