IPC-klassar
Vi klassifiserte tidlegare alle patentsøknadar som kom inn til Patentstyret etter klassifikasjonssystemet International Patent Classification (IPC).
Formålet med klassifiseringa er å ha ei ordning av patentskrifter slik at det skal vere mogleg å finne fram all nyttig informasjon som betyr noko for granskinga.
Hovudklassane er:
- Seksjon A: Menneskelege behov
- Seksjon B: Industrielle arbeidsoperasjonar; transport
- Seksjon C: Kjemi; metallurgi
- Seksjon D: Tekstilar; papir
- Seksjon E: Bygg- og anleggsteknikk; gruvedrift
- Seksjon F: Maskinteknikk; belysning; oppvarming; våpen; sprenging
- Seksjon G: Fysikk
- Seksjon H: Elektroteknikk
Frå oktober 2015 har Patentstyret brukt klassifiseringa CPC (Cooperative Patent Classification). Les meir om dette