Mønster
Registrering av design het tidlegare "registrering av mønster".
Designlova erstatter den tidlegare Mønsterlova frå 14. mars 2003. Det som etter den gamle lova blei kalla ”mønster” kallast nå ”design”.
Kva er forskjellen på ei mønsterregistrering og ei designregistrering ?
Ordene mønster og design har vore brukt mykje om kvarandre.
Designlova kom i kraft 1. mai 2003. Alle mønsterregistreringar som var gjeldande 1. mai 2003 lever vidare og har vern under designlova. Den kanskje viktigaste følgja for eksisterande mønsterregistreringar er at dei nå kan fornyast fleire gonger, maksimalt i 25 år. (Med unntak for delar som berre skal brukast som reservedelar. Der er maksimalt vern 5 år). Mønsterlova hadde ein maksimal verneperiode på 15 år.