Nordisk Patentinstitutt
Nordisk Patentinstitutt (NPI) er eit samarbeid mellom patentmyndigheitene i Danmark, Noreg og Island. Instituttet si hovudoppgåve er å levere ulike typer tenester innan patentområdet til andre patentmyndigheiter og til private kundar.
Nordisk Patentinstitutt har status som PCT-myndigheit, dvs. internasjonal myndigheit for nyheitsgransking og førebuande patenterbarheitsvurdering etter patentsamarbeidskonvensjonen (PCT).
Nordisk Patentinstitutt har ein direktør og ein visedirektør som rapporterer til eit styre som består av direktørane i patentmyndigheitene i Danmark, Island og Noreg.
Stortinget vedtok opprettinga av Nordisk Patentinstitutt (Nordic Patent Institute) frå 1. januar 2008.