Prioritet

Prioritet gjeld for alle tre fagområda - patent, varemerke og design.

Patent

Viss fleire søkjer patent på same oppfinning, vil den som har tidlegaste innleveringsdato for søknaden ha retten til patentet. Innleveringsdatoen kan derfor i nokre tilfelle vere viktig.

Den som har søkt patent på ei oppfinning i eitt land, kan krevje prioritet i andre land der same oppfinninga søkast patentert. Retten gjeld i tolv månader frå den dagen søknaden blei levert inn i det første landet - prioritetsdagen.

Prioritet inneber at søkjaren går føre andre som har søkt patent på den same oppfinninga etter prioritetsdagen. Den inneber også at spørsmålet om oppfinninga er ny og har oppfinningshøgd skal bedømmast ut frå situasjonen på prioritetsdagen også i dei senare søknadane.

Les meir om prioritetsretten på sida Søk patent i fleire land

Varemerke

Den som har søkt varemerkeregistrering på eit varemerke i eitt land, kan krevje prioritet i andre land der same merket søkast beskytta. Retten gjeld i seks månader frå den dagen søknaden blei levert inn i det første landet - prioritetsdagen.

Prioritet inneber at søkaren går føre andre som har søkt registrering av eit forvekselbart varemerke etter prioritetsdagen.

Design

Den som har søkt designvern i eitt land, kan krevje prioritet i andre land der det same designet søkast beskytta. Retten gjeld i seks månader frå den dagen søknaden blei levert inn i det første landet - prioritetsdagen.

Prioritet inneber at søkaren går føre andre som har søkt designvern på det same designet etter prioritetsdagen. Den inneber også at spørsmålet om designet er nytt og skil seg vesentleg frå tidlegare kjente design, skal bedømmast ut frå situasjonen på prioritetsdagen også i dei seinare søknadane.

Takk for tilbakemeldingen din! Ønskjer du svar, ring +47 22 38 73 00 og snakk med kundesenteret vårt.
Denne siden ble sist endret: