Hopp til hovedinnholdet

Søk i databasene våre

Produktetterlikning

Vi snakkar om produktetterlikning når det er to "ekte" produkt frå to ulike produsentar, der den eine har etterlikna den andre.

Til dømes blir forma på ein kjend designvase etterlikna av eit billigmerke, eller fasong og materialbruk på ei populær lommelykt blir etterlikna av ein konkurrent, men med konkurrenten sitt varemerke. Ved produktetterlikning legg ein seg nært opptil eit produkt som nokon andre allereie har laga, men gir seg ikkje ut for å ha den same opphavet som originalvara.

Produksjon og sal av etterlikningar kan rammast av marknadsføringslova, som seier at ein ikkje skal utnytte andre sin innsats eller resultat på ein urimeleg måte.

Som produsent kan du stille sterkare i kampen mot produktetterlikningar dersom du har registrerte rettar, som for eksempel ei designregistrering.


Fann du det du lette etter?
Takk for tilbakemeldingen din! Ønskjer du svar, ring +47 22 38 73 00 og snakk med kundesenteret vårt.
Denne siden ble sist endret: