Protest
Innvendingar mot ein søknad om varemerke, patent eller design før den eventuelt blir registrert som varemerke/design eller meddelt til patent.
Ein protest kan sendast inn når som helst før søknaden blir registrert/meddelt.
Les meir om moglegheita for å levere inn ein protest mot ein søknad om varemerke, patent eller design.
Etter registrering av varemerke/design eller meddeling av patent brukast nemninga motsegn eller administrativ overprøving.
Korleis skal du levere ein protest?
Du kan anten
- bruke skjemaet for korrespondanse på Altinn
- sende ein e-post til post@patentstyret.no
- sende eit brev eller levere den i lokala våre i Oslo. Sjå kontaktinformasjon