Realitetsbehandling

Når vi realitetsbehandlar ein søknad vurderer vi om den oppfyller alle dei lovmessige krava til at vi kan registrere eit varemerke eller eit design, eller meddele eit patent.

Ein varemerkesøknad må blant anna innehalde ei liste over alle produkta (varene eller tenestene) du vil ha varemerket registrert for, mens forklaringa i ein patentsøknad skal vere så tydeleg at ein fagperson skal kunne utøve oppfinninga på grunnlag av denne. I ein designsøknad må du sende inn gode og tydelege bilete av designet. Lova stiller opp fleire slike krav ein søknad må oppfylle.

Etter at vi har vurdert søknaden sender vi eit brev med ei realitetsutsegn til søkjaren. Dette er ei vurdering og ikkje ei endeleg avgjerd. Det kan vere fleire realitetsutsegn i ei sak.

Takk for tilbakemeldingen din! Ønskjer du svar, ring +47 22 38 73 00 og snakk med kundesenteret vårt.
Denne siden ble sist endret: