Særpreg (varemerke)

Eit varemerke må ha særpreg eller vere særprega for å kunne registrerast. I dette ligg det at merket må vere eigna til å skilje verksemda sine varer eller tenester frå andre sine.

Varemerket må kunne tiltrekke seg ei viss merksemd, og må kunne feste seg i erindringa til den som møter merket. 

Eit varemerke må ikkje berre fortelle om eigenskapar eller kvalitetar ved produktet ditt. Patentstyret kan ikkje gi einerett til ord som andre treng å bruke for å beskrive produktet sitt i marknadsføringa eller på annan måte. Eit varemerke må derfor ha særpreg for å skilje dine varer og tenester frå andre sine. Varemerket fungerer som eit garanti for at varene og tenestene kjem få éin bestemt produsent eller leverandør, og kunden skal derfor ut frå varemerket kunne kjenne igjen produktet, og få den kvaliteten ho forventar.

Sjå filmen: Tips ved registrering av varemerke: hva mener vi med særåreg?

 

Les meir om kva du kan registrere som varemerke

Takk for tilbakemeldingen din! Ønskjer du svar, ring +47 22 38 73 00 og snakk med kundesenteret vårt.
Denne siden ble sist endret: