Unntaksmerknad
Ein unntaksmerknad er ei opplysning i ei varemerkeregistrering om at eit eller fleire element i merket ikkje er omfatta av det vernet som registreringa gir.
Formålet med unntaksmerknaden er å unngå uvisse om varemerkeretten sitt omfang. Viss eit merke er registrert utan unntaksmerknad men likevel inneheld eitt eller fleire element som ikkje kan registrerast særskild, vil ikkje vernet omfatte desse delane av merket.