Patentstyrets personvernerklæring
Innhald
Patentstyret si behandling av personopplysningar
Dine rettar
Kontaktinformasjon
Nettstatistikk
Regelverk
Patentstyret si behandling av personopplysningar
Formål
Patentstyret sitt samfunnsoppdrag er å fremje innovasjon og verdiskaping, og hjelpe næringsliv og samfunn med å handtere dei immaterielle verdiane og rettane sine på ein god måte. Personopplysingar inngår som ein del av dei dataa Patentstyret må behandle for å oppfylle samfunnsoppdraget og dei forpliktingane vi er pålagde som offentleg myndigheit på området industrielle rettar.
Behandlingsgrunnlag
Patentstyrelova og patent-, varemerke- og designlovene gir Patentstyret behandlingsgrunnlag og forpliktande føringar for korleis vi brukar personopplysingane dine både i saksbehandlinga og ved forvaltinga av rettsregistera. Regelverket forpliktar Patentstyret å informere offentlegheita om industrielle rettar. Vi registrerer, behandlar og publiserer opplysingar om industrielle rettar som del av desse pliktene.
Dersom vi ønskjer å bruke personopplysingane dine til andre formål enn dei som følgjer av lova, vil vi be om samtykke til dette frå deg. Det gjeld for eksempel utsending av informasjonsbrev eller direkte marknadsføring. Dersom du har samtykt til dette, kan du når som helst trekkje samtykket tilbake.
Personopplysingane
Personopplysingar er einkvar form for informasjon som direkte eller indirekte kan knytast til ein fysisk person. Det kan for eksempel vere for- og etternamn, ei privatadresse eller ei e-postadresse. I samanheng med behandling av søknader på patent-, varemerke- eller designområdet brukar vi kontaktinformasjonen og betalingsinformasjonen din. Det same gjeld dersom vi mottek søknadene dine via andre, som for eksempel internasjonale organisasjonar som European Patent Office (EPO) og World Intellectual Property Organization (WIPO). Tilsvarande gjeld også for brukarar av dei digitale tenestene våre, dersom eigen brukarkonto er oppretta.
Behandlinga
Patentstyret er ansvarleg for at dei opplysingane vi mottek om deg blir behandla i samsvar med gjeldande regelverk. Patentstyret har utarbeidt ein politikk for informasjonstrygging, og styringssystemet vårt for informasjonstryggleik byggjer på ISO 27001-standarden. IT-systema våre er fysisk plasserte i godt sikra lokale. Vi jobbar kontinuerleg for å sikre konfidensialitet, integritet og tilgjengelegheit av opplysingar.
Patentstyret sine medarbeidarar har teieplikt, og vi har system og rutinar som skal sørgje for ei sikker behandling av personopplysingar. Tilsette i Patentstyret har berre tilgang til personopplysingane dine i den graden som er nødvendig for saksbehandlinga eller i samband med andre tenester vi utfører.
Personopplysingar blir utleverte til andre offentlege styresmakter når Patentstyret er forplikta til dette. Eksempel er lovpålagd informasjonsutveksling til Klagenemda for industrielle rettar, Skatteetaten og Politiet. Vi vidareformidlar også opplysingar til andre land sine patentstyresmakter og internasjonale organisasjonar innanfor rammene av internasjonalt samarbeid og avtalar. Vi utvekslar informasjon med databehandlarar for å vedlikehalde IT-systema våre. Vi vidareformidlar berre opplysingar som vi er forplikta til å vidareformidle. Ut over dette blir personopplysingar berre formidla etter samtykke frå den opplysinga gjeld.
Dine rettar
Personopplysingslova (LOV-2018-06-15-38) og Personvernforordningen (EU-2016/679) gir deg ei rekkje rettar. Spesielt relevant for deg som registrert er Personvernforordningen sitt kapittel 3. Her står det blant anna at du har rett til å bli informert om at personopplysingane dine blir behandla. Du kan be om innsyn i kva opplysingar som blir behandla, og korleis og kvifor vi behandlar opplysingar om deg.
Du har rett til å få sletta opplysingar om deg eller retta gale opplysingar om deg så raskt som mogleg, og å få supplert ufullstendige opplysingar. Ver merksam på at forvaltningsretten og arkivlova set grenser for kva som kan slettast. Du kan heller ikkje få sletta opplysingar som er nødvendige for at Patentstyret skal kunne oppfylle formåla sine med behandlinga, eller dersom sletting vil stride mot Patentstyret sine plikter etter gjeldande lovgiving eller internasjonale plikter. Ønskjer du meir informasjon eller hjelp, kan du kontakte oss. Dersom du meiner vi behandlar personopplysingane dine i strid med personopplysingslova, kan du klage til Patentstyrets personvernombod eller Datatilsynet.
Kontaktinformasjon
Patentstyret
E-post: post@patentstyret.no
Post: Postboks 4863 Nydalen, 0422 Oslo
Kundesenter: +47 22 38 73 00
Besøk: Sandakerveien 64, 0484 Oslo
Lenkje til nettsida med utfyllande kontaktinformasjon
Patentstyrets personvernombud er Vegar Johnsrud.
Nettstatistikk
På nettsida patentstyret.no. og search.patentstyret.no. brukar vi analyseverktøyet Google Analytics for å samle og vurdere informasjon om korleis gjestene brukar nettstaden. Google Analytics brukar informasjonskapslar/cookies. Google Analytics mottek berre generell webstatistikk, som for eksempel nettlesartype, tidspunkt, språk og kva for nettside brukaren kom frå.
I tråd med vanleg praksis på internett blir brukaren si IP-adresse registrert av nettstaden patentstyret.no. For å anonymisere IP-adressa har Patentstyret lagt inn eit script som fjernar dei siste siffera frå IP-adressa før informasjonen blir lagra av Google Analytics. Dette gjer at analyseverktøyet kan gi den geografiske plasseringa til brukaren, men adressa kan ikkje nyttast for å identifisere den einskilde. Mottatte opplysingar er underlagt Google sine retningslinjer for personvern.
Regelverk
Lenkjene går til Lovdata:
Patentstyrelova
Patentloven
Varemerkeloven
Designloven
Personopplysningsloven