Endringar i ein søknad eller ein rett

Som søkjar eller innehavar av eit patent, varemerke eller design er du sjølv ansvarleg for å informere Patentstyret om endringar i eige namn og adresse, og andre endringar knytta til retten.

Viktig å melde inn endringar i namn og adresse

Patentstyret sitt namneregister er ikkje samkjørt med andre offentlege register. Vi får derfor ikkje melding om endringar i namn eller adresser med mindre du gir oss beskjed om det.

Feil adresse kan resultere i at brevet blir forsinka i postgangen, eller ikkje kjem fram til mottakaren. Dette kan føre til at du mister retten din på grunn av for seint innkome eller manglande betaling. Ved ein eventuell tvist om kven som er rettshavar er det ein fordel at korrekt søkjar eller innehavar er oppført i registeret vårt.

Endringar må meldast inn før du betaler årsavgift eller fornyingsavgift. Dette er viktig for at fornyingsbeviset skal innehalde korrekte opplysingar.

Språkkrav
Du kan sende ei melding om endring på norsk, svensk, dansk eller engelsk. Korrespondansen frå oss vil hovudsakeleg vere på norsk.

Dokumentasjon
Vi krev normalt ikkje dokumentasjon for endringa. Viss vi likevel skulle trenge dokumentasjon, tar vi kontakt med deg.

Send kopi av dokument
Vi oppfordrer deg til å sende inn kopi av dokumenta du legg ved meldinga, sidan vi makulerer innkomne dokument eitt år etter at dei er motteke og skanna inn i vårt elektroniske datasystem. Vi føretrekker originale skjema, men vi godtek kopi av skjemaa så sant opplysningane er tydelege.

OBS: Du må alltid oppgi søknads-, registrerings- eller patentnummer (rettsnummer) i endringsmeldinga. Du må også oppgi kva for fagområde (patent, varemerke, design) endringa gjeld.

Kva kan du endre og korleis?

  1. Overføring eller fusjon
  2. Endringar i namn og adresse
  3. Endring av fullmektig
  4. Endring av merke (varemerke)
  5. Endring av design
  6. Delvis sletting eller sletting av klassar (varemerke)
  7. Delvis sletting av samregistrering (design)
  8. Lisens

1. Overføring eller fusjon

Bruk dette skjemaet i Altinn for å gjere endringar i gjeldande varemerke-, design- og patentsøknader eller rettar.

Dersom du ikkje kan bruke skjema i Altinn, for eksempel dersom du ikkje har norsk personnummer, kan du bruke PDF-skjema:
Melding om overdraging/fusjon   |   Rettleiing
Du kan sende inn det utfylte PDF-skjemaet via post eller e-post.

Søknadsstadiet
Skjemaet må underteiknast av den som står oppført som søkjar i registeret vårt, eller av søkjaren sin fullmektig.

Etter registrering
Skjemaet må underteiknast anten av tidlegare innehavar eller av ny innehavar (den retten er overdratt frå eller til), eller ein av partane sin fullmektig.

Ved melding om overføring eller fusjon blir ikkje fullmektigforholdet overført automatisk
Viss det er oppnemnt ein fullmektig i saka, vil fullmektigforholdet opphøyre når søknaden eller retten blir overført til ein ny søkjar eller innehavar.

Viss den nye søkjaren eller innehavaren ønskjer å bli representert av ein fullmektig, må du derfor gi oss beskjed om dette (sjå "Fullmektigendring" for framgangsmåte).

2. Endringar i namn og adresse

Bruk dette skjemaet i Altinn dersom du skal gjere endringar i gjeldande varemerke-, design- og patentsøknader eller rettar.

Dersom du ikkje kan bruke skjema i Altinn, for eksempel dersom du ikkje har norsk personnummer, kan du bruke PDF-skjema: 
Namne-/adresseendring   |   Rettleiing
Du kan sende inn det utfylte PDF-skjemaet via post eller e-post.

Søknadsstadiet
Skjemaet må underteiknast av søkjaren eller søkjaren sin fullmektig.

Etter registrering
Skjemaet må underteiknast av innehavaren eller innehavaren sin fullmektig.

3. Endring av fullmektig

Skjema (i PDF-format): Fullmakt   |   Rettleiing
For å sende skjemaet: Gå til Korrespondanse til Patentstyret i Altinn, og legg ved det utfylte skjemaet. Du kan alternativt sende det via post eller e-post.

Søknadsstadiet - gjeld varemerke- og designsøknadar
Du kan sende inn ei melding om fullmektigendring utan å leggje ved eit gyldig fullmaktsdokument, men viss fullmaktsdokumentet manglar ved registreringstidspunktet, slettar vi fullmektigen og sender vidare korrespondanse i saka direkte til innehavaren.

Søknadsstadiet (patent), og etter registrering (for alle fagområde)
Du må sende inn ei gyldig fullmakt samtidig som du sender inn ei melding om fullmektigendring. Bruk Patentstyret sitt skjema.

Fullmektigplikt og fullmaktsskjema
Vi krev ikkje at du oppnemner ein fullmektig. Vi sender all korrespondanse til søkjaren eller innehavaren viss det ikkje er oppnemnt ein fullmektig i saka. All korrespondanse frå oss vil hovudsakeleg vere på norsk.

Viss du vel å bruke ein fullmektig, kan du bruke fullmaktsskjemaet vårt både som eit fullmaktsdokument og som skjema for å melde inn ein fullmektigendring.

Ein advokat treng ikkje å sende inn eit fullmaktsdokument, men viss du har gitt fullmektigvervet til eit advokatkontor må du sende inn ein fullmakt.

Alle som er oppgitt som søkjarar eller innehavarar av ein søknad eller rett må signere på fullmakta. Vi godtek ein kopi av fullmakta så sant opplysningane i kopien er tydeleg oppgitt.

For at ein fullmakt skal vere gyldig, må det framgå av fullmakta kva for søknad eller rett fullmakta gjeld for. Alternativt må det framgå at fullmakta er ei generalfullmakt. Ei generalfullmakt gjeld alle søkjaren eller innehavaren sine saker innan eitt eller fleire fagområde. Viss du viser til ei tidlegare innlevert generalfullmakt må du alltid leggje ved ein kopi av denne.

Viss ein fullmektig ønskjer å overdra fullmektigvervet til ein annan fullmektig, og det framgår av fullmakta at fullmektigen har rett til å gjere dette, kan den tidlegare fullmektigen underteikne fullmakta.

Melding med begrensa fullmektigverv
Vi registrerer endringar i ein søknad eller rett viss vi får melding om dette frå søkjaren, innehavaren, eller oppnemnt fullmektig. Det er også mogleg for andre enn dei nemnde partane å melde inn endringar i registret vårt (melding med begrensa fullmektigverv). I slike tilfelle krev vi at du legg ved minst eitt av følgjande dokument:

  • ei begrensa fullmakt
  • skjema underteikna av søkjaren eller innehavaren, for eksempel skjema om namne-/adresseendring eller overdraging
  • dokumentasjon på endringa, til dømes utskrift frå handelsregister, Føretaksregister eller Brønnøysundregistra
  • ein kopi av oppdraget frå søkjaren eller innehavaren

Viss endringa er ei namne- eller adresseendring, vil den fullmektigen som allereie står i registeret vårt bli ståande som fullmektig også etter at namne- eller adresseendringa er utført.

Viss endringa derimot gjeld ei overføring eller fusjon, må du gi oss opplysningar om kven som skal stå oppført som fullmektig for den nye søkjaren eller innehavaren – eller om søknaden eller registreringa skal vidareførast utan fullmektig. Viss den nye søkjaren eller innehavaren har oppnemnt ein fullmektig, må du leggje ved ei fullmakt som bekrefter fullmektigforholdet.

Dette betyr at ved melding om overføring eller fusjon der meldinga kjem frå andre enn vald fullmektig, må du leggje ved ei fullmakt som skal gjelde etter at endringa er utført. Dette kjem i tillegg til anten ei begrensa fullmakt, dokumentasjon på endringa, skjema underteikna av søkjar eller innehavar, eller ein kopi av oppdraget.

4. Endring av merke (varemerke eller fellesmerke)

Skjema (i PDF-format): Andre endringarRettleiing
For å sende skjemaet: Gå til Korrespondanse til Patentstyret i Altinn, og legg ved det utfylte skjemaet. Du kan alternativt sende det via post eller e-post.

Ved endring av merket i ein varemerke- eller fellesmerkeregistrering, må to tydelege avbildingar av det nye merket innsendast. Dette er ikkje nødvendig om endringa gjeld eit ordmerke. Her er det tilstrekkeleg at det nye ønskte ordmerket oppgis. Vi gjer oppmerksam på at det er avgrensa rett til å endre i eit varemerke eller ein design som er søkt/registrert.

5. Endring av design

Skjema (i PDF-format): Andre endringarRettleiing
For å sende skjemaet: Gå til Korrespondanse til Patentstyret i Altinn, og legg ved det utfylte skjemaet. Du kan alternativt sende det via post eller e-post.

Ved endring av design, må du leggje ved bilete av den endra designen. Vi gjer oppmerksam på at det er avgrensa rett til å endre i ein design som er søkt/registrert.

6. Delvis sletting eller sletting av klassar (varemerke)

Skjema (i PDF-format): Andre endringarRettleiing
For å sende skjemaet: Gå til Korrespondanse til Patentstyret i Altinn, og legg ved det utfylte skjemaet. Du kan alternativt sende det via post eller e-post.

Ved delvis sletting av ein varemerke- eller fellesmerke-registrering, må du oppgi noko som varer og tenester merket framleis skal ha vern for. Dersom det ikkje er tilstrekkeleg plass i feltet, legg du ved eit eige vedlegg.

7. Delvis sletting av samregistrering (design)

Skjema (i PDF-format): Andre endringarRettleiing
For å sende skjemaet: Gå til Korrespondanse til Patentstyret i Altinn, og legg ved det utfylte skjemaet. Du kan alternativt sende det via post eller e-post.

Ved sletting av samregistrering av design, må du oppgi kva design registreringa framleis skal gjelde for.

8. Lisens

Skjema (i PDF-format): Melding om lisens   |   Rettleiing
For å sende skjemaet: Gå til Korrespondanse til Patentstyret i Altinn, og legg ved det utfylte skjemaet. Du kan alternativt sende det via post eller e-post.

Søkjaren, innehavaren, lisensgivaren, lisenstakaren eller den fullmektigen som representerer ein av desse, kan signere og sende inn ei melding om lisens. Du må leggje ved ei fullmakt som bekrefter fullmektigforholdet viss dette ikkje er sendt inn tidlegare. Bruk Patentstyret sitt skjema.

Viss lisensavtalen ikkje gjeld heile søknaden eller retten, må du gi oss beskjed på norsk om kva delar avtalen omfattar.  

 

Takk for tilbakemeldingen din! Ønskjer du svar, ring +47 22 38 73 00 og snakk med kundesenteret vårt.
Denne siden ble sist endret: