Du har fått ein rett

Ta vare på rettane dine.

Kor lenge varar registreringa?

Registreringa varar i fem år frå du leverer inn ein søknad. Du kan fornye den i ytterlegare fire femårsperiodar til maksimalt 25 år. Vi sender deg eit varsel om at registreringa kan fornyast når det nærmar seg utløpet av ein femårsperiode.

For registrering av reservedelar er maksimal varigheit fem år. Reservedelar er delar som brukast til å reparere eit produkt.
Meir om korleis du fornyar registreringa

Når vernet opphøyrer, kan designet utnyttast av einkvar. I visse tilfelle kan likevel andre sin rett til å utnytte designet vere begrensa av annan lovgiving. Det kan til dømes stri mot god forretningsskikk etter marknadsføringslova å leggje seg designmessig for nær konkurrentane, eller designet kan ha krav på opphavsrettsleg vern.

Kor likt kan andre sine design vere?

Ei designregistrering gir deg einerett til alle design som gir same heilskapsinntykk. Det vanskelege spørsmålet er: «Når er heilskapsinntrykket likt»? Dette kan vi dessverre ikkje gi noko fasitsvar på, fordi vi må gjere ei skjønnsmessig vurdering av kvart enkelt tilfelle. Ein må sjå på om heilskapen av eit design liknar på heilskapen av eit anna design. Endringar i små detaljar vil truleg ofte ikkje vere nok til at heilskapsinntrykket blir eit anna.

Vidare betyr det noko for omfanget av vernet kor stor fridom designaren hadde ved utviklinga av designet. Kanskje er det ein del trekk ved eit design som må vere der for at designet skal oppfylle ein teknisk funksjon. Slike trekk kan ein ikkje få einerett til.

Det har vore få inngrepssakear i designregistreringar i Noreg og derfor har vi lite praksis å lære av.

Teknisk løysing eller logo knytta til designet?

Har designet ditt også ei heilt ny, teknisk løysing kan du vurdere å søkje patent. Patent er noko anna enn designregistrering, og har eit såkalla absolutt nyheitskrav. Dette betyr at oppfinninga ikkje må ha vore vist til andre før du har levert inn patentsøknaden. For design er nyheitskravet moderert, slik at eit design kan ha vore vist offentleg inntil 12 månader før du leverer inn ein søknad.

Ønskjer du å kombinere patent og designregistrering, må du derfor tenkje på at:

  • designsøknaden ikkje må offentleggjerast før du har søkt om patent
  • designsøknaden må leverast senast 12 månader etter at patentsøknaden er blitt allment tilgjengeleg, på grunn av nyheitsfristen (grace period)

Les meir om patentering

Viss du vil bruke eit eige namn eller ein logo som kjenneteikn for produktet ditt, bør du vurdere å registrere det som eit varemerke.
Les meir om registrering av varemerke

Kva gjer du viss nokon kopierar designet ditt?

Oppdagar du at andre sel eit design som du meiner er eit inngrep i designregistreringa di, bør du først vurdere nøye om du synest at det andre designet gir det same heilskapsinntrykket som designet ditt. Viss du meiner det er eit inngrep, bør du ta kontakt med den andre parten og forklare synet ditt. Det er lurt å ta skriftleg kontakt som du seinare kan dokumentere. Du bør leggje ved ein kopi av registreringa di og be den andre parten om å stoppe bruken av designet. I mange tilfelle kan du lykkast i å stoppe bruken når du kan dokumentere at du har einerett til eit design.

Viss den andre parten ikkje er einig med deg eller ikkje tek omsyn til retten din, må du gå til søksmål for domstolane. Da bør du ta kontakt med ein advokat som er spesialist på immaterielle rettar. Ein dokumentert rett i form av designregistrering vil vise datoen for innlevering av designet til Patentstyret. Dette vil bety mykje i ei eventuell rettssak.

Finn ein rådgivar på ipr.hjelp.no

Takk for tilbakemeldingen din! Ønskjer du svar, ring +47 22 38 73 00 og snakk med kundesenteret vårt.
Denne siden ble sist endret: