Bruk designregistreringa

Vi anbefaler at du aktivt brukar designregistreringa i marknadsføringa av produktet ditt. Ved å tydeleg vise at eit produkt er designregistrert, kan du førebyggje kopiering.

Forebygg kopiering

Mange vil kvie seg for å etterlikne eit produkt som dei veit er beskytta av designlova. Det finst ikkje noko symbol som viser at eit produkt er designregistrert, men du kan til dømes trykke registreringsnummeret på sjølve produktet eller vise til det i annonsar, brosjyrar og på nettsider.

Lisensiering og sal av rettar

Med ein dokumentert rett til eit design er det enklare å selje retten, lisensiere den ut eller inngå samarbeidsavtalar med andre om designet.

Kva gjer du viss nokon kopierer designet ditt?

Oppdagar du at andre sel eit design som du meiner er eit inngrep i designregistreringa di, bør du først vurdere nøye om du synest at det andre designet gir det same helskapsinntrykket som designet ditt. Viss du meiner det er eit inngrep, bør du ta kontakt med den andre parten og forklare synet ditt. Det er lurt å ta skriftleg kontakt som du seinare kan dokumentere. Du bør leggje ved ein kopi av registreringa di og be den andre parten om å stoppe bruken av designet. I mange tilfelle kan du lykkast i å stoppe bruken når du kan dokumentere at du har einerett til eit design.

Dersom den andre parten ikkje er einig med deg eller ikkje tar omsyn til retten din, må du gå til søksmål for domstolane. Da bør du ta kontakt med ein advokat som er spesialist på immaterielle rettar. Ein dokumentert rett i form av designregistrering vil vise datoen for innlevering av designet til Patentstyret. Dette vil bety mykje i ei eventuell rettssak.

Hugs å fornye registreringa

Registreringa varar i fem år frå du leverte inn søknaden. Du kan fornye den i ytterlegare fire femårsperiodar til maksimalt 25 år. Vi sender deg eit varsel om at registreringa kan fornyast når det nærmar seg utløpet av ein femårsperiode. Les om korleis du fornyer registreringa.

Takk for tilbakemeldingen din! Ønskjer du svar, ring +47 22 38 73 00 og snakk med kundesenteret vårt.
Denne siden ble sist endret: