Før du søkjer design
Undersøk om andre har registrert eit liknande design
For ikkje å gjere inngrep i andre sine design, kan det vere lurt å sjekke kva for designrettar som finst i Noreg. Dermed unngår du å bruke tid og krefter på å utvikle noko som andre har rettar til.
Sjølv om det ikkje finst rettar til eit design i Noreg, er det ikkje nødvendigvis fritt fram å kopiere designet. Dette er fordi designet kan vere beskytta av til dømes åndsverklova og marknadsføringslova.
Sjekk i søkjetenesta på nettsida vår
I søkjetenesta vår finn du alle norske designsøknader og -registreringar.
Sjekk Patentstyret si søkjeteneste
Vi kan gjere ei forundersøking for deg
Ønskjer du at Patentstyret skal sjekke i databasen for deg, kan du bestille ei såkalla forundersøking. Forundersøkingar er konfidensielle og kan vere nyttige uavhengig av om du skal sende inn ein søknad om designregistrering.
Les meir om forundersøkingar
Viss du skal levere ein designsøknad kan du også bestille ei supplerande undersøking. Da søkjer vi i registeret vårt for å kartleggje om vi har tidlegare design med likt utsjånad og som vi trur kan vere til hinder for ei gyldig registrering av designet ditt. Viss vi finn noko som er aktuelt, sender vi ei oversikt over dette og du kan sjølv vurdere om du vil trekkje tilbake søknaden din eller ikkje.
Vern i Noreg eller fleire land
Når du har bestemt deg for å sende inn ein søknad om designregistrering, bør du vurdere kva for land du ønskjer vern i. Det er lurt å ha ei designregistrering i alle dei landa kor du har tenkt å utnytte designet kommersielt, men det blir også dyrare jo fleire land du søkjer vern i.
Viss du først og framst vil beskytte designet ditt i Noreg, finn du nærmere rettleiing på sida «Søk designregistrering i Noreg». Viss du vil søkje vern i fleire land, kan du lese meir på sida «Søk designregistrering i andre land».
Teknisk løysing eller logo knytta til designet?
Har designet ditt også ei heilt ny, teknisk løysing kan du vurdere å søkje patent. Patent er noko anna enn designregistrering, og har eit såkalla absolutt nyheitskrav. Dette betyr at oppfinninga ikkje må ha vore vist til andre før du har levert inn patentsøknaden. For design er nyheitskravet moderert, slik at eit design kan ha vore vist offentleg inntil 12 månader før du leverer inn ein søknad.
Ønskjer du å kombinere patent og designregistrering, må du derfor tenkje på at:
- designsøknaden ikkje må offentleggjerast før du har søkt om patent
- designsøknaden må leverast seinast 12 månader etter at patentsøknaden er blitt allment tilgjengeleg, på grunn av nyheitsfristen (grace period)
Viss du vil bruke eit eige namn eller ein logo som kjenneteikn for produktet ditt, bør du vurdere å registrere det som eit varemerke.
Les meir om registrering av varemerke
Hjelp til å velje strategi?
Patentstyret kan rettleie deg og vise deg kva moglegheiter du har for å få rettar til eit varemerke, design eller ei oppfinning.
Dersom du ønskjer rådgiving rundt strategiske val kan du få profesjonell hjelp frå ein fullmektig til dette. Du finn ei liste over fullmektigar på nettstaden iprhjelp.no: Rådgivardatabasen.