Førebu søknaden din

Her finn du nokre viktige punkt du bør ha førebudd deg på før du begynner å fylle ut søknadsskjemaet.

Viss du er usikker på noko, må du gjerne ringe oss før du sender inn søknaden. Du kan ringe oss på 22 38 76 44. Du finn ei fullstendig rettleiing til søknadsskjemaet i Altinn.

Designet bør vere ferdig utvikla

Etter at du har sendt inn ein søknad til oss, kan du ikkje gjere endringar som påverker designet sin utsjånad som heile. Derfor bør du vente med å søkje til du har utvikla designet ferdig.

Sjå korleis du skal utforme bileta

Bilete av designet

Du kan sende inntil sju bilete av kvart design du vil registrere. Det er bileta som definerer kva for vern du får. For at du skal få eit godt vern, er det svært viktig at du sender inn gode, tydelege bilete av designet. Retningslinjer for korleis bileta skal vere:

  • Bruk strekteikningar, fotografi eller datateikningar.
  • Strekteikningane må vere teikna med tydelege, jamne, svarte linjer. Vi godtek ikkje skisseprega teikningar.
  • Bileta må ikkje innehalde tekniske rettleiingar, slik som forklarande piler, tekst eller mål.
  • Skal du berre beskytte éi side eller éin del av eit produkt, skal bileta vise berre denne sida eller delen. Vil du beskytte alle sider av eit produkt, må du sende inn bilete av alle sidene.
  • Element som ikkje er ein del av designet må ikkje inngå i bileta. Skal du til dømes verne ei bokhylle, må det ikkje vere bøker i den.
  • Treng du å støtte opp ein gjenstand for å fotografere den, må du gjere det på ein måte som ikke er synleg i biletet. Søkjer du om registrering av ei kåpe, må bileta ikkje vise personen som ber kåpa.
  • Designet skal vere vist mot ein nøytral bakgrunn. Skal du sende oss fotografi av til dømes eit bord, prøv å plassere det mot ein einsfarga, nøytral vegg. Pass på at det ikkje er forstyrrande element i bakgrunnen.
  • Viss du ønskjer å vise at ein del av produktet ikkje skal omfattast av vernet, kan du teikne omrisset av denne delen med stipla linjer. Viss du til dømes berre vil verne hanken til ein kopp, kan du teikne hanken med opptrukne linjer, og koppen med stipla linjer. Då er det berre hanken som er omfatta av vernet.

Fargar eller svart-kvitt

Viss du registrerer designet i svart-kvitt, har du i utgangpunktet ikkje begrensa vernet til éin bestemt farge. Dei fleste vel å registrere i svart-kvitt for å få eit breiare vern. Er farge ein viktig del av designet, kan det likevel vere lurt å beskytte det i fargar. Da må du sende inn fargebilete. Same produkt kan registrerast i både svart-kvitt og i fargar. Dette blir då to design.

Produktomtale

Skriv kort og enkelt kva slags type produkt designet viser. Det kan vere «stol», «skip», «grafisk symbol» og så vidare. Du skal ikkje skildre designet sin utsjånad eller korleis det er laga. Finst det ikkje ein term for produktet, kan du skrive ei kort forklaring på kva for funksjon produktet har. Formålet med produktomtalen er at vi skal kunne bestemme i kva for klasse designet høyrer heime.

Klasse

Patentstyret plasserer alle design i forskjellige klassar etter kva slags type produkt dei viser. Dette kaller vi «Locarno-klassifikasjon», som er eit internasjonalt system for klassifisering av design i hovud- og underklassar. Veit du kva klasse designet ditt tilhøyrer, kan du skrive opp klassen i søknadsskjemaet. Viss du ikkje veit dette, kan du la dette feltet stå ope. Skriv du feil klasse, rettar vi det opp for deg. Klassen inneber inga avgrensing av vernet sitt omfang, den er berre eit administrativt verktøy for å organisere registeret vårt.

Meir om klassifisering av design og Locarno-klassifikasjon
Lenkje til engelsk versjon av Locarno-klassifikasjonen 

Fleire design i same søknad

Du kan sende inn fleire design i same søknad viss alle designa er i same hovudklasse, det vil seie viss dei høyrer til same produktkategori. Har du til dømes designa eit bord, ein stol og ei seng, så kan du sende inn alle i same søknad fordi alle er møblar. Fordelen med å sende inn fleire design i same søknad, er at det blir billegare enn å sende inn kvart design i kvar sin søknad.

Hemmeleghald

Du kan be oss halde bileta av designet i søknaden hemmeleg i maksimalt seks månader frå den dagen du leverte dei inn i ein søknad første gong, anten i Noreg eller i eit anna land. Ein grunn til å halde eit design hemmeleg kan vere at du er usikker på om designet er heilt ferdig utvikla. Så lenge designet er hemmeleg, har du moglegheit til å trekkje søknaden tilbake og unngå at designet blir offentleg. Dermed vil ikkje det gamle designet øydeleggje for ein ny søknad på eit liknande design.

Varigheit

Ei designregistrering varar i fem år av gongen og kan fornyast til maksimalt 25 år. Når utløpet av ein femårsperiode nærmar seg, sender vi ut eit varsel om at det er på tide å fornye registreringa. Da kan du vurdere om du vil betale for å oppretthalde registreringa eller ikkje.

Supplerande undersøking

Du kan krysse av i søknadsskjemaet for supplerande undersøking. Da søkjer vi i registeret vårt for å kartleggje om vi har tidlegare design med lik utsjånad og som dermed kan vere til hinder for å oppnå designrett. For denne tenesta må du betala ei avgift. Du vil motta ein rapport med resultatet av undersøkinga.

Krav til språk og format

Søknadsskjemaet skal fyllast ut på norsk. Andre dokument som du eventuelt legg ved, kan også vere svensk, dansk eller engelsk. Bruk våre anbefalte filformat for å vere sikker på at vi kan lese dokumenta. Les meir om dei anbefalte filformata (PDF)

Takk for tilbakemeldingen din! Ønskjer du svar, ring +47 22 38 73 00 og snakk med kundesenteret vårt.
Denne siden ble sist endret: