Gode grunnar for å registrere design
Få ein unik posisjon i marknaden
Ved å registrere designet får du einerett til utsjånaden av eit produkt og til å utnytte det kommersielt. For at eit design skal vere verna av designlova, må designet vere registrert hos Patentstyret. Med ei designregistrering har du eit handfast prov på retten din. Skulle du hamne i ein konflikt, stiller du sterkare med ei designregistrering.
Ei designregistrering er viktig fordi ho gir deg ein dokumentert einerett som kan:
- auke konkurransefortrinnet og betre moglegheita til å tene penger på designet
- bidra til at du oppnår større marknadsdelar
- gi deg moglegheit til å selje eller lisensiere ut produktet
- gjere verksemda di meir attraktiv for samarbeidspartnarar og investorar
- bidra til å førebyggje konfliktar
- brukast som bevis i ein konflikt
Dersom nokon vil motseie retten din, må dei motbevise at du har einerett til designet. Provbyrden blir altså lagd på motparten.
Les meir om kvifor registrerte rettar er viktige når du treng ekstern kapital
Marknadsføringslova og åndsverklova
Utsjånaden til eit produkt kan også ha vern gjennom anna lovgiving enn designlova, nemleg åndsverklova og marknadsføringslova. Du kan med andre ord ha eit visst vern for produktet ditt sjølv om det ikkje er registrert under designlova hos Patentstyret.
Vern etter åndsverklova (opphavsrett) forutset at designet oppfyller kravet til såkalla «verkshøgde». Det vil seie at designet må vere eit resultat av ein individuelt prega skapande innsats, slik at det framstår som originalt. Opphavsretten gjeld i opphavsmannens levetid og 70 år etter utløpet av opphavsmannen sitt dødsår.
Marknadsføringslova gir ikkje einerett såleis, men forbyr handlingar som strir mot god forretningsskikk mellom næringsdrivande. Dersom du vil bruke marknadsføringslova mot ein annan part, må du argumentere for at dei har etterlikna produktet ditt. I tillegg må du prove at etterlikninga har skjedd på ein måte som er ei urimeleg utnytting av din innsats eller resultat. Den andre parten må med andre ord ha gjort noko klanderverdig. Marknadsføringslova gir dermed ikkje eit objektivt vern for utsjånaden til eit produkt såleis, men verner den innsatsen som er lagt ned.
Treng eg å verne designet mitt gjennom registrering hos Patentstyret?
Treng eg ei designregistrering når designet uansett kan vere verna gjennom reglar i årdsverklova eller marknadsføringslova?
Dette er eit spørsmål vi ofte får i Patentstyret. Det er gode grunnar til å registere design sjølv om det også kan vere verna gjennom anna lovgjeving.
Designregistrering gir som nemnt eit handfast bevis på retten din, nemleg ein dokumentert einerett som viser datoen for innlevering av designet til Patentstyret. Bilda i designregistreringa definerer også kva vern du får. Dette i motsetnad til opphavsrett som ikkje kan registrerast og som må fastslåast av domstolane.
Ei designregistrering er gyldig inntil nokon eventuelt utfordrar retten. Viss nokon vil nekte for designretten din, må dei motbevise at du har ein einerett til designet. På denne måten blir bevisbyrden snudd. Viss du berre hevdar at du har opphavsrett, er det derimot du som må bevise at du har vern etter åndsverklova.
Ein dokumentert designregistrering kan:
- Gjere det enklare for deg å halde andre unna, fordi den kan verke meir avskrekkande på kopistar enn at du hevdar å ha opphavsrett. Åndsverklova kan gi tilstrekkeleg vern, men du må til domstolen for å få fastslått rekkevidda av vernet. I mange tilfelle kan du lykkast med å stoppe andre sin bruk av designet ditt berre ved å dokumentere at du har einerett gjennom ei registrering. Dette kan spare deg for å måtte gå gjennom ei dyr rettssak.
- Gjere det lettare å få hjelp frå tolmyndigheitene til å stoppe piratkopiar av dine produkt
- Gi deg fleire bein å stå på om du skulle hamne i ei konflikt. Designlova, åndsverklova og marknadsføringslova inneheld ulike vilkår for å få vern. For eksempel vil ikkje alle former for design som kan registrerast hos Patentstyret ha verkshøgde og dermed vere verna etter åndverklova.
- Gjere det enklare å selje retten, lisensiere den ut eller inngå samarbeidsavtalar med andre om designet, fordi retten gir ein sikkerheit for dei som ønskjer å investere i verksemda di. Vernet etter åndsverklova og marknadsføringslova er meir usikkert, i den forstand at du ikkje har ein registrert/dokumentert rett, og må til domstolane for å få fastslått vernet.
Søk designregistrering
Søk designregistrering i Noreg
Søk designregistrering i andre land
Kor mykje kostar det å registrere eit design?