Bilete i designsøknadar: retningslinjer

Hovudregelen er at designet må visast tydeleg.

Retningslinjene gjeld frå 15. april 2016 og er eit resultat av eit samarbeid mellom EUIPO (European Union Intellectual Property Office), 23 nasjonale myndigheiter i EU, to brukarorganisasjonar og fire land utanfor EU, i eit såkalla Convergence Programme. Patentstyret og Noreg har også delteke i dette harmoniseringsarbeidet.

Desse retningslinjene medfører ikkje nokre endringar i norsk praksis, men inneheld eksempel på framstillingar som vi enno ikkje har teke i bruk her i Noreg.

Retningslinjene skildrar blant anna:

  • korleis stipla linjer kan brukast dersom du ønskjer å utelate noko av produktet frå vernet
  • korleis du kan utelate noko av produktet frå vernet når stipla linjer ikkje kan brukast
  • korleis produkta skal avbildast mot ein nøytral bakgrunn
  • kva forskjellige typar bilde av designet som kan godtakast

Unnatak: Med eitt unnatak stiller vi oss bak desse retningslinjene. Unnataket gjeld ein bildetype som heiter «partial views» og som er ei vising kor vi vurderer det for å vise fleire design, noko vi ikkje godtek fordi det skapar forvirring om kva som er verna.

For alle saker vil vi framleis gjere ei individuell vurdering av om framvisinga viser designa tydeleg.

Retningslinjer

Du finn retningslinjene på nettsiden til European Trade Mark and Design Network:
Convergence on graphic representations of designs - Common Communication

Retningslinjene gjeld frå 15. april 2016.

Takk for tilbakemeldingen din! Ønskjer du svar, ring +47 22 38 73 00 og snakk med kundesenteret vårt.
Denne siden ble sist endret: