Kva kan du registrere?
Eit produkt kan vere:
- alle slags fysiske gjenstandar frå bygningar til tannbørstar, bilar, klede, emballasje eller møblar
- delar av ein gjenstand, som hovudet på ein tannbørste, armlenet på ein stol eller hanken på ein kopp
- skjermbilete og ikon for dataskjermar
- animasjonar eller rørleg design, slik som ikon for dataskjermar som viser ei gjentatt rørsle
- typografiske skrifttypar
- grafiske symbol og logoar
- mønsteret på eit servise eller eit stoff (ornamentering)
- eit interiørmessig arrangement, som til dømes eit kaféinteriør eller eit utstillingsvindu
Designet må vere tilverka og skapt – altså ikkje ei ren gjengiving av det du finn i naturen.
Registreringa gir ikkje einerett til ein idé eller teknisk funksjon. Viss du registrerer eit spelebrett får du einerett til utsjånaden på brettet, men ikkje til ideen bak spelet og reglane. Registrerer du designet til ein elektrisk tannbørste, får du einerett til korleis tannbørsten ser ut, men ikkje til korleis han fungerer reint teknisk.
Designet må vere nytt
Ein føresetnad for at du skal få einerett til eit produkt ved designregistrering, er at produktet har ein ny utsjånad som ikkje er kjend frå før du søkjer registrering.
Nyheitsfrist (grace period)
Du har høve til å vise produktet ditt på marknaden i inntil 12 månader før du sender inn ein søknad, men ver klar over at du ikkje har noko designvern i denne perioden. Ordninga blir kalla for «grace period» og gjeld for Noreg og enkelte andre land (blant anna EU og USA). Lurer du på om eit land har denne ordninga, bør du sjekke med deira nasjonale myndigheiter.
Tal på design
Design gjeld utsjånaden til eit produkt slik det går fram av blant anna linjer, konturar, fargar og form. Når vi undersøkjer kor mange design det er i ein søknad, ser vi på om sjølve objektet som er avbilda er nøyaktig det same på alle bilda. Viss det er gjort nokre endringar i utsjånaden på objektet, så tel vi det som fleire design.
Døme:
- ein boks med lokk og same boks utan lokk er to design, lokket for seg sjølv er eit tredje design
- ein rød kopp og same kopp i grønt er to design
-
ei og same eske som er avbilda frå fleire sider og som har forskjellig utsjånad på dei forskjellige sidene, er eitt design
Talet på design i ein designsøknad betyr noko for prisen, fordi du må betale avgift for kvart design.
Spørsmål
Dersom du har spørsmål, ta kontakt med kundesenteret vårt.