Søk designregistrering i Noreg

For å søkje om designregistrering i Noreg leverer du inn ein søknad til Patentstyret.

Søk design med søknadsvegvisaren

Gjennom søknadsvegvisaren kan du fylle ut søknaden, sende, betale og få kvittering i ein operasjon. Her vi kvitteringa vere tilgjengeleg i ettertid. Undervegs i prosessen får du nyttige tips og alt du gjer blir lagra.

Når du har leverdt søknaden din, vil all vidare korrespondanse i søknadsbehandlinga mellom deg og oss foregå digitalt. Brev vil bli tilgjengeleg under "Mine meldingar" og i meldingsboksen din i Altinn.

Har du allereie starta ein søknad eller sendt ein søknad?

Gå til "Mine søknader under arbeid eller sendte søknader"

Andre måter å søkje på

  1. Viss du ønskjer å søkje om designregistrering via Altinn, kan du bruke søknadsskjemaet vårt i Altinn
    Søk via Altinn
    Meir informasjon om kva søknaden skal innehalde og kva du bør tenkje på
  2. Har du ikkje norsk personnummer?
    For å sende inn søknaden via søknadsvegvisaren eller Altinn må du ha eit norsk personnummer. Viss du ikkje har eit slikt nummer, må du bruke søknadsskjemaet i PDF- eller ODT-format. Dette skjemaet skal skrivast ut og sendast til Patentstyret med vanleg post eller som vedlegg til e-post. 
    Lenke til PDF- og ODT-skjemaer

Har du vedlegg til den elektroniske søknaden?

Viss du har vedlegg til den elektroniske søknaden din, er det viktig å velje riktig dokumentformat eller filtype, slik at Patentstyret kan åpne dokumenta dine.
Les meir om dokumentformat eller filtyper (PDF-fil)

Skal du sende oss eit brev i ein søknad eller registrering?

Vi anbefaler at du bruker skjemaet for korrespondanse i Altinn. Du får kvittering med ein gong.

Altinn: Korrespondanse til Patentstyret

Viss du av ulike grunner ikkje kan bruke Altinn, kan du sende ein e-post til post@patentstyret.no.

Søk i andre land med prioritet frå Noreg

Når du leverer ein søknad om designregistrering, bør du vurdere i kva land du ønskjer vern. Det er lurt å ha ei designregistrering i alle di landa kor du har tenkt å utnytte designet kommersielt. Ver merksam på at det også blir dyrare jo fleire land du søkjer vern i.

Når du har levert søknaden om designregistrering i Noreg, kan du innan seks månader sende ein søknad til andre land med krav om prioritet frå Noreg.

Sjølv om søknaden din ikkje er ferdigbehandla i Patentstyret, må du søkje vidare til andre land innan seks månader for å få prioritet frå Noreg. Du må sjølve passe på denne fristen.
Les meir om designregistrering i andre land.

Profesjonell hjelp i søknadsprosessen

Viss du ikkje er van med fagfeltet designregistrering eller har lita tid til å arbeide med søknadsprosessen, bør du vurdere å bruke eit profesjonelt patentbyrå (også kalle patentfullmektig eller berre fullmektig).

Du finn ei liste over aktuelle aktørar på nettstaden iprhjelp.no: Rådgivardatabasen

Takk for tilbakemeldingen din! Ønskjer du svar, ring +47 22 38 73 00 og snakk med kundesenteret vårt.
Denne siden ble sist endret: