Søk designregistrering i andre land

Ønskjer du å registre designet ditt i fleire land, kan du starte med å levere inn ein søknad i Noreg eller søkje direkte i dei aktuelle landa.

Det er lurt å registrere designet ditt i alle dei landa kor du har tenkt å utnytte designet kommersielt, men det blir også dyrare jo fleire land du søkjer vern i.

Anten du vel å starte med ein søknad i Noreg eller du vil søkje direkte til andre land, har du følgjande moglegheiter:

Starte i Noreg

Du kan først sende inn ein søknad til Patentstyret om designregistrering i Noreg. Så kan du innan seks månader sende ein søknad til andre land med krav om prioritet frå Noreg. Prioritet betyr at designet ditt går føre seinare søknader på same design.

På denne måten får du behandla søknaden din i Noreg og kan få hjelp til rette opp eventuelle feil og manglar før du søkjer vidare til andre land. Dette gir deg meir tid til å velje kva for andre land du ønskjer å registrere designet i. Ulempen er at det kan bli litt dyrare fordi du må betale nasjonale avgifter til Patentstyret i tillegg til internasjonale avgifter.

Sjølv om søknaden din ikkje er ferdigbehandla i Patentstyret, må du søkje vidare til andre land innan seks månader for å få prioritet frå Noreg. Det er viktig at du sjølv passar på fristen på seks månader.
Søk designregistrering i Noreg

Søkje i kvart enkelt land

I nokre tilfelle kan det enklaste vere å søkje direkte i kvart enkelt land. Til dømes viss marknaden din er Noreg, Sverige og Danmark, kan det vere greit å starte med ein søknad i Noreg, og deretter søkje vidare i Sverige og Danmark med krav om prioritet frå den norske søknaden.

Søkje gjennom Haag-systemet

Vil du registrere designet ditt i mange land, kan du sende ein søknad om internasjonal designregistrering via Haag-systemet. Med ein slik søknad kan du oppnå designregistrering i meir enn 75 medlemmer av avtalen, som dekker 91 land og unionar, inkludert Noreg.

Fyll ut den elektroniske søknaden på nettsidan til World Intellectual Property Organization (WIPO) gjennom eHague. I søknaden skal du peike ut kva land og unionar du ønskjer vern i.

Søknaden må vere utfylt på engelsk, spansk eller fransk. Du betalar alle avgifter direkte til WIPO i sveitsiske franc. Søknaden blir behandla i kvart enkelt land etter deira nasjonale lover.

Dersom det er fyrste gong du skal søkje om designregistrering gjennom Haag-systemet, kan du ha nytte av den nye digitale rettleiaren til WIPO:
Digital Hague System Information Kit.

Meir informasjon på nettsidene til WIPO:

Du kan også søkje via Patentstyret:

Treng du hjelp til å søkje gjennom Haag-systemet?

Det er ikkje eit krav at du brukar ein fullmektig for å levere inn ein internasjonal designsøknad til WIPO. Likevel kan det vere lurt med profesjonell hjelp viss du ikkje er godt kjent med designretten eller viss du har lita tid til å følgje opp søknadsprosessen.
Kva er ein fullmektig?

Søkje EU-design

Ved å sende inn ein søknad om EU-design kan du oppnå registrering i alle medlemslanda i EU. EØS-landa er ikkje omfatta av dette. Alle som er busett i Noreg eller har ei bedrift i Noreg, kan søkje om EU-design.

Søknaden skal sendast til European Union Intellectual Property Office (EUIPO) som held til i Alicante, Spania.
Meir informasjon på nettsidene til EUIPO

Treng du hjelp til å søkje EU-design?

Det er ikkje eit krav at du brukar fullmektig for å sende inn søknaden. Vi tilrår likevel at du brukar fullmektig under heile prosessen, også for å levere inn søknaden. Ein norsk fullmektig kan hjelpe deg under heile prosessen hos EUIPO.
Norske fullmektigar kan representere for EUIPO

Søkje i land utanfor EU som ikkje er medlem av Haag-systemet

Dersom du vil søkje designregistrering i land utanfor EU som ikkje er medlem av Haag-systemet, må du søkje direkte til kvart enkelt land. Då kan det vere lurt, og i dei fleste tilfelle nødvendig, å bruke ein profesjonell fullmektig. Du kan anten kontakte ein rådgivar frå det landet du vil søkje i, eller ein norsk fullmektig som har kontaktar i eller har god kunnskap om det lokale regelverket i det aktuelle landet.

Fornying 

Ein internasjonalt registrert design som er send via Haag-systemet skal fornyast direkte til WIPO. Dette gjeld også for ei norsk registrering dersom du har valt Noreg via Haag-systemet. 

Avgifter og gebyr knytte til fornyingar av designregistreringar varierer frå land til land. For å vite kor mykje du skal betale i andre land, må du ta kontakt med fullmektigen din eller med patentverket i det aktuelle landet.

Du finn to måter å fornye registreringen din på nettsidene til WIPO:

Uregistrert design

Viss du offentleggjer designet ditt første gong i eit EU-land (gjennom f.eks. marknadsføring, sal eller i ei utstilling), oppnår du automatisk vern i tre år i heile EU for det som kallast eit uregistrert design. Dette gir berre vern mot medviten kopiering. For å handheve retten til ein uregistrert design, må du prove i ei rettssak at du har ein slik rett. Dersom den andre parten kan prove at dei ikkje kjende til denne retten, vil du ikkje kunne hindre dei i å utnytte designa kommersielt.

Sjå informasjon fra EUIPO (designmyndigheita for EU - European Union Intellectual Property Office).

Internasjonale databasar som er fritt tilgjengelege

Global Design Database
Global Design Database dekkjer internasjonale designsøknader frå WIPO og enkelte andre land. Funksjonalitet er identisk med Hague Express som berre inneheld internasjonale design.

DesignView
Designview er ei plattform der du kan søkje etter design frå EU-land, Noreg, USA og fleire andre land, i tillegg til EUIPO (EU-design) og WIPO. Eitt søkjeverktøy for alle deltakende land fritt tilgjengeleg på fleire språk. 

 

Takk for tilbakemeldingen din! Ønskjer du svar, ring +47 22 38 73 00 og snakk med kundesenteret vårt.
Denne siden ble sist endret: