Norske fullmektigar kan representere for EUIPO
Vilkår og registerering
Advokat eller advokatfullmektig
Er du advokat eller autorisert advokatfullmektig, melder du deg direkte til EUIPO. Første gong du registrerer deg, vil du få tildelt eit identifikasjonsnummer. Registreringa skal først skje når du har ei konkret sak for EUIPO.
Vilkåra som må vere oppfylde følgjer av EU-forordninga artikkel 93 (1) (a):
1. Representation of natural or legal persons before the Office may only be undertaken by: (a) a legal practitioner qualified in one of the Member States of the European Economic Area and having his place of business within the European Economic Area, to the extent that he is entitled, within the said Member State, to act as a representative in trade mark matters.
Slik går du fram:
- Sjå emna «Change of representative» og «Authorisation to represent before the EUIPO» på nettsidene til EUIPO. EUIPO anbefaler å «apply online» kor dette er eit alternativ.
- Tilgang til alle online services til EUIPO: Online Services.
- Du får tilgang til «User Area» ved å opprette ein brukarkonto: Create New User Account.
Andre som ønskjer å representere for EUIPO
Andre som ønskjer å representere for EUIPO kan søkje om autorisasjon frå Patentstyret. Det er tre vilkår som må vere oppfylde og desse følgjer av artikkel 93 (2) (a-c):
2. Any natural person who fulfils the following conditions may be entered on the list of professional representatives:
(a) being a national of one of the Member States of the European Economic Area;
(b) having his place of business or employment in the European Economic Area;
(c) being entitled to represent natural or legal persons in trade mark matters before the Benelux Office for Intellectual Property or before the central industrial property office of a Member State of the European Economic Area. Where, in the State concerned, the entitlement is not conditional upon the requirement of special professional qualifications, persons applying to be entered on the list who act in trade mark matters before the Benelux Office for Intellectual Property or those central industrial property offices shall have habitually so acted for at least five years. However, persons whose professional qualification to represent natural or legal persons in trade mark matters before the Benelux Office for Intellectual Property or those central industrial property offices is officially recognised in accordance with the regulations laid down by the State concerned shall not be required to have exercised the profession.
Patentstyret vil undersøkje om kravet til fem år erfaring er oppfylt av den som søkjer.
Send søknad til Patentstyret:
- Fyll ut søknadsskjemaet som ligg på nettsidene til EUIPO (PDF)
- Send søknadsskjemaet til post@patentstyret.no
Patentstyret vil behandle førespurnaden og kontrollere dei opplysningane du oppgir med tanke på at kravet om fem års erfaring må vere oppfylt. Viss dette vilkåret er oppfylt, vil du få ein individuell attest av Patentstyret. Denne attesten legg du fram for EUIPO første gong du melder deg i ei sak for EUIPO. Du treng berre å leggje ved attesten første gongen du vender deg til EUIPO. De vil ikkje krevje at du legg han fram kvar gong du opptrer i saker for dei.
Norsk advokatkontor/ fullmektigbyrå kan stå oppført som fullmektig
Eit advokatkontor eller fullmektigbyrå kan stå oppført som fullmektig i staden for den enkelte advokaten, advokatfullmektigen eller representanten.
EUIPO har som krav at advokatkontoret eller fullmektigbyrået består av minimum to partnarar eller representantar.
Når du melder deg for EUIPO må det gå klart fram at det gjeld advokatkontoret eller fullmektigbyrået, og ikkje namna på dei enkelte personane som jobbar hos dykk. Oppnemninga av eit advokatkontor eller fullmektigbyrå gjeld alle profesjonelle representantar som jobbar der.
EUIPO ønskjer ikkje at de legg ved informasjon om namna på representantane som jobbar hos dykk. Dei ønskjer likevel å få beskjed viss nokre av desse personene forlet selskapet. EUIPO tar atterhald om retten i enkeltsaker til å få bekrefta at ein aktuell representant faktisk jobbar i advokatkontoret eller fullmektigbyrået.
Sjølv om det er advokatkontoret eller fullmektigbyrået som står som fullmektig, skal alle søknader, førespurnader eller brevveksling underteiknast av ein fysisk person, og namnet på representantane skal stå oppført under signaturen.
Sjå meir i EUIPO sine Guidelines on professional representation (section 3.4.3.)
Vi går fram på følgjande måte:
- Viss advokatkontoret eller fullmektigbyrået som skal representere for EUIPO fell inn under definisjonen i artikkel 93 (1) (a) skal førespurnaden skje direkte til EUIPO.
- Viss kontoret fell inn under definisjonen i artikkel 93 (1) (b) må du sende søknadsskjemaet til Patentstyret. Når attest er gitt av Patentstyret, legg du denne fram for EUIPO.
Kan norske fullmektigar representere både i varemerke- og designsaker?
EUIPO har lagt ei rein ordlydstolking til grunn slik at dei nye reglane kun gjeld representasjon i varemerkesaker. EUIPO har likevel oversendt spørsmålet om norske fullmektigar også skal kunne representere i designsaker til Kommisjonen. Patentstyret blir heldt oppdatert av EUIPO, og vi vil vidareformidle informasjonen vi blir gitt.
EUIPO sine Guidelines
EUIPO sine Guidelines for Professional Representation (PDF).
Har du andre spørsmål?
Ta kontakt med:
- Seniorrådgivar Trine Hvammen-Nicholson,
tlf: 22387542, e-post: thv@patentstyret.no - Seksjonssjef Knut Andreas Bostad,
tlf: 22387405, e-post: kab@patentstyret.no