Søk internasjonal designregistering via Patentstyret

Patentstyret tilrår at du leverer søknaden din om internasjonal designregistrering elektronisk til World Intellectual Property Organization (WIPO). Men, du kan også levere inn ein søknad via Patentstyret.

Den enklaste, rimelegaste og sikraste måten å søkje internasjonal designregistrering på er å levere ein elektronisk søknad til WIPO gjennom eHague.

Men, dersom du ikkje ønskjer å nytte eHague kan du levere søknaden via Patentstyret.

Då må du  fylle ut søknadsskjemaet DM/1 på nettsider til WIPO med trykte bokstavar, skrive det ut, signere og levere det inn til oss saman med bilete av designet. Vi sjekkar at søknaden er riktig formelt utfylt og sender den vidare til WIPO.

For dette må du betale eit oversendelsesgebyr (også kalt vidareføringsgebyr) og vi sender deg ein faktura med betalingsfrist på 14 dagar. Dersom du ikkje betalar fakturaen innan fristen, reknar vi ikkje den internasjonalen søknaden om designregistrering som innkome.

Ver klar over at:

  • Patentstyret ikkje vurderer om designet oppfyller alle vilkåra for å bli registrert som ein internasjonal design
  • Patentstyret sender søknadsskjema med bilete til WIPO på papir og at WIPO må skanne dokumenta for å få dei inn i systema sine. Dette kan forringe kvaliteten på bileta.
  • Du må betale avgift pr. ark når du sender ein søknad på papir.
Takk for tilbakemeldingen din! Ønskjer du svar, ring +47 22 38 73 00 og snakk med kundesenteret vårt.
Denne siden ble sist endret: