Søknadsprosess design
Følg saka
Du kan følgje saka di og finne offentlege søknadsdokument i søkjetenesta vår. Søk ved å bruke søknads- eller registreringsnummeret.
Følg saka di i søkjetenesta vår
Betaling for søknaden
Du betaler samtidig som du sender inn søknaden via søknadsvegvisaren vår.
Viss du leverer søknaden din via Altinn, kan du betale samtidig eller be oss om å sende ein faktura. Utanlandske kundar utan norsk personnummer må bruke eigne skjema. Les meir om dette (informasjon på engelsk)
Du kan forvente svar på søknaden innan 3 månader frå du leverte den inn.
Skal du sende oss eit brev i ein søknad eller registrering?
Vi anbefaler at du brukar skjemaet for korrespondanse i Altinn. Du får kvittering umiddelbart.
Altinn: Korrespondanse til Patentstyret
Viss du ikkje kan bruke Altinn av ulike grunnar, kan du sende ein e-post til post@patentstyret.no.
Saksbehandlinga
Dette undersøkjer vi:
Designlova set opp ein del vilkår som må vere i orden for at vi skal kunne registrere eit design. Vi undersøkjer om desse vilkåra er i orden før vi registrerer designet:
- at søknaden oppfyller dei formelle krava, slik som at du har oppgitt kven som er søkjar og designar, og at du har lagt ved tydelege bilde av designet
- at søknaden gjeld eit produkt som du kan designregistrere, og ikkje til dømes eit konsept eller ein idé
- at designet ikkje inneheld eit statsflagg eller krenkjar offentleg orden og moral.
Vi nekter å registrere eit design viss:
- det ikkje viser utsjånaden til eit produkt eller ein del av eit produkt
- det strir mot offentleg orden og moral
- det utan løyve inneheld eit offentleg våpen, statsflagg eller liknande
Dette undersøkjer vi ikkje:
Designlova set også opp ein del vilkår som må vere i orden for at ei designregistrering skal vere gyldig, men som ikkje er til hinder for at vi kan registrere designet. Vi undersøkjer ikkje om desse vilkåra er i orden før vi registrerer designet:
- at designet er nytt, det vil seie at det ikkje har vore vist offentleg meir enn 12 månader før du sende inn søknaden, eller før prioritetsdagen
- at designet har individuell karakter, det vil seie at det ikkje finst andre design i registeret vårt eller i marknaden som gir det same heilheitsinntrykket
- at designet ikkje krenkar andre sine rettar til eit varemerke, fotografi, andsverk eller enkelte offentlege kontrollmerke
- at designet er synleg for brukaren under normal bruk
- at designet ikkje utelukkande oppfyller ein teknisk funksjon.
Behandlinga av designsøknader skal vere ein rask, effektiv og rimeleg prosess. Skulle vi ha undersøkt om alle design er nye, har individuell karakter og oppfyller alle vilkåra for ei gyldig registrering, ville det ha forlenga og fordyra prosessen. Vi har heller ikkje nok teknisk informasjon om designet til å vurdere om det er synleg for brukaren eller om det berre oppfyller ein teknisk funksjon.
Derfor legg designlova opp til at du sjølv bør vurdere om desse vilkåra er oppfylde når du leverer inn ein søknad. Til hjelp for dette kan du til dømes bestille ei supplarende undersøking, sjå nedanfor.
Etter at eit design er registrert, kan andre klage på registreringa viss dei meiner at den ikkje er gyldig. Det kan dei gjere ved å sende eit såkalla krav om administrativ overprøving til Patentstyret, eller ved å ta saka for retten.
Sjå status for saksbehandlinga av designsøknader her (oppdateres månadleg)
Supplerande undersøking
Viss du bestiller ei supplerande undersøking, vil vi søkje i registeret vårt for å kartleggje om vi har tidlegare design med ein liknande utsjånad og som dermed kan vere til hinder for å oppnå designrett. Du får ein rapport frå undersøkinga som gir deg grunnlag for å vurdere om du vil gå vidare med søknaden, eller om du eventuelt vil trekkje han.
Registeret vårt er av stort omfang og kan innehalde ufullstendige opplysningar som kan verke inn på resultatet av undersøkinga. Det kan òg finnast produkt på marknaden som ikkje er designregistrert eller søkt registrert, men som likevel kan vere til hinder for å oppnå designrett.
Viss vi oppdagar feil eller manglar i søknaden
Oppdagar vi feil eller manglar i søknaden, får du beskjed om korleis du kan rette dei opp. Behandlingstida avheng av kor raskt du svarar på breva våre. Vi gir to månaders svarfrist. For å avklare enkle spørsmål tar vi gjerne kontakt på telefon.
Betalingsfristar og svarfristar
Fristane vi gir er absolutte. Det betyr at betaling av fakturaer og skriftlege svar på brev må vere kome inn til oss seinast den dagen fristen går ut.
Viss du ikkje betalar eller svarar eller gjer dette for seint, må vi leggje bort søknaden. Det vil seie at vi avbryt behandlinga av søknaden.
Viss søknaden din blir lagt bort for første gong, får du beskjed om korleis du kan få teke opp att behandlinga av søknaden. Du får ein ny frist for å rette opp det som gjorde at søknaden blei lagt bort, det vil seie anten betale fakturaen eller svare på det tidlegare brevet vårt. Når du har gjort dette, får du ein faktura på ei gjenopptakingsavgift. Den må betalast innan betalingsfristen for at vi skal gjenoppta behandlinga av søknaden.
Det er berre mogleg å gjenoppta behandlinga av ein søknad éin gong. Viss søknaden din blir lagt bort for andre gong, vil det automatisk føre til at den blir endeleg lagt bort.
Viss du ikkje svarar eller betalar innan gjenopptakingsfristen vi gir deg, vil dette også føre til at søknaden blir endeleg lagt bort.
Vi kan ikkje gjenoppta behandlinga av ein søknad som er endeleg lagt bort.
Viss du har problem med å svare innan fristen, kan du be om fristforlenging.
Registrering
Viss det ikkje er nokon manglar eller feil i søknaden, vil vi registrere den straks vi har tatt den opp til behandling. Har du bedt oss om å halde søknaden hemmeleg ein periode, ventar vi med å registrere den til den er blitt allment tilgjengeleg. Det tar totalt 2-3 månader før vi har ferdigbehandla søknaden.
Allment tilgjengeleg design
Ein designsøknad haldast automatisk hemmeleg i inntil seks månader med mindre søkjaren ber om at søknaden skal vere allment tilgjengeleg allereie ved innlevering.
Har du spørsmål?
Ta kontakt med Patentstyrets kundesenter, tlf +47 22 38 73 00.