Fristforlenging design

Patentstyret har faste rutinar for fristforlenging. Dei skal ta omsyn til behovet for fristforlenging som søkjaren/fullmektigen har i løpet av søknadsbehandlinga, samtidig som vi varetar omsynet til ei forsvarleg saksbehandling.

NB: Det er svært viktig at du overheld dei fristane vi gir. Dette gjeld både brev og betaling av gebyr.

Hovudregel

Svarfristen på breva våre i designsøknadar er to månader viss ikkje anna er fastsett i designlova eller designforskrifta, til dømes éin månads frist for prioritetsopplysningar.

Vi kan gi fristforlenging viss du sender skriftleg krav om det seinast fristen sin siste dag.

Vi gir fristforlenging tilsvarande den fristen som opphavleg var sett i brevet. Til dømes gir vi fristforlenging på to månader viss den opphavlege fristen var to månader. Der vi berre har gitt 1 månads frist i brev gir vi IKKJE automatisk fristforlenging. Kontakt saksbehandlaren viss dette er tilfelle.

Du kan be om opptil tre fristforlengingar utan at du må begrunne det. Ved fjerde fristforlenging må du begrunne førespurnaden.

Fristar skal av forvaltningsrettslege grunnar vere rimelege. Fristen på to månader er fastsett ut frå ei vurdering av søkjaren eller fullmektigen sitt behov for å rette ein mangel. Fristperioden og eventuelt fristforlengingsperioden må sjåast i samanheng med tredjemann sine interesser. Så lenge ein søknad er under behandling, er den eit potensielt hinder for andre som ønskjer å utnytte det søkte designet.

Frist for å sende inn fullmakt

Viss det manglar fullmakt i ein nasjonal designsøknad som er klar til registrering eller ei internasjonal registrering som er klar til å bli gitt virkning i Noreg, gir vi 2 månaders frist for å sende inn kopi av fullmakten.

Viss vi ikkje mottek fullmakten innan fristen, registrerer vi/besluttar gjeldande utan fullmektig. I saker der avgjerda skal sendast og vi ikkje har motteke fullmakt innan fristen, sender vi avgjerda direkte til innehavaren/WIPO-fullmektigen/WIPO-korrespondanseadressa.

Vi gir ikkje fristforlenging for innsending av fullmakt.

Fristforlenging - regelverk

Sjå Betalingsforskriften § 6 fjerde ledd (Forskrift om betalinger mv. til Patentstyret og
Klagenemnda for industrielle rettigheter) (lenka går til Lovdata).

Takk for tilbakemeldingen din! Ønskjer du svar, ring +47 22 38 73 00 og snakk med kundesenteret vårt.
Denne siden ble sist endret: