Søk design i Noreg

Vi tilrår at du les alle 11 punkta før du trykkjer «Start designsøknaden».

2. Kvifor søkje design?

Å utvikle produkt krev tid og investeringar. Ikkje sjeldan er det designet, det vil seie utsjånaden, som skil produktet ditt frå andre sine, og det kan derfor ha stor verdi.

Få ein unik posisjon i marknaden

Ved å registrere designet, får du einerett til å utnytte det kommersielt. Skulle du havne i ein konflikt, stiller du sterkere med ei designregistrering. 

Ei designregistrering er viktig fordi den gir deg ein dokumentert einerett som kan:

  • auke konkurransefortrinnet og betre moglegheita til å tene pengar på designet
  • bidra til at du oppnår større marknadsdelar
  • gir deg moglegheit til å selje eller lisensiere ut produktet
  • gjere verksemda di meir attraktv for samarbeidspartnarar og investorar
  • bidra til å førebyggje konflikter
  • brukast som bevis i ein konflikt

 

Har du lese alle 11 punkta øvst på sida?