Søk design i Noreg

Vi tilrår at du les alle 11 punkta før du trykkjer «Start designsøknaden».

Om søknadsprosessen

  1. 0 md.

    Du skriv søknad og sender til oss.

    Søknaden skal innehalde:

    • bilete som viser designet/designa tydeleg
    • namn på kven som eig designet
    • kort forklaring på kva produktet 

    Ta kontakt med oss om du lurar på noko.

  2. 0-6 md.

    Vi offentleggjer søknaden

    Vi offentleggjer søknaden din med ein gong på Patentstyret si nettside, med unntak av bileta som viser designet. Vi held bileta hemmelege mens vi behandlar søknaden, men ikkje meir enn 6 månader frå søknadsdagen eller eventuell prioritetsdagen (dato for tidlegare søknad på same design).

    Vi offentleggjer bileta når søknaden blir registrert eller når den maksimale perioden på 6 månader stoppar. Du kan påverke tidspunktet for offentleggjering av bileta ved å melde ein ønsket dato innanfor den maksimale perioden på 6 månader. I så fall startar vi med å behandle søknaden som vanleg, men vi ventar med å registrere og publisere den til datoen du har meldt.

  3. 0-3 md.

    Vi kontakter deg viss søknaden har manglar eller registreringshindringar

    Viss søknaden har formelle manglar eller inneheld noko som gjer at vi ikkje kan registrere den, kontakter vi deg - enten ved å ringje deg eller sende eit brev. Der forklarar vi kva du må gjere for at vi skal kunne registrere designet/designa. Les meir om kva vi undersøkjer når vi behandlar søknaden din

    Du vil få ein frist på 2 månader for å svare på brevet.

  4. 0-3 md.

    Vi registrerer designet

    Vi registrerer designet/designa viss alt er i orden og kunngjer registreringa i Patentstyret sine designregister. 

  5. 0-5 md.

    Du svarer på brevet vårt innan fristen

    Vi må motta svar på brev våre innan svarfristen, viss ikkje leggjer vi bort søknaden. Du kan be oss ta opp igjen ein søknad som er lagd vekk éin gong mot at du betalar ei eiga avgift.

  6. 0-6 md.

    Vil du søkje i andre land?

    Da må du gjere det innan 6 månader frå leveringsdatoen eller eventuell datoen for tidlegare søknad på same design (prioritetsdatoen) for å behalde same virkedato som den norske søknaden din.

Har du lese alle 11 punkta øvst på sida?