Domenenamn under .no

Eit domenenamn er ei adresse på internett. Adressa på internett er delt inn i toppdomene. I Noreg er .no det geografiske toppdomenet.

Er det fritt fram for andre å registrere varemerket mitt? 

Viss du ønskjer å registrere eit domenenamn under .no må du først forsikre deg om at det ikkje er nokon andre som allereie har rett til namnet du ønskjer å registrere. Du må underteikne ei eigenerklæring, der du erklærer at du ikkje krenkjer eventuelle rettshavarar.

Kva kontrollerast ved registrering?

Registraren sjekkar ikkje om det eksisterer andre rettar, men eigenerklæringa er bindande.

Korleis kan eg se om eit domene er ledig?

Du bør også sjekke:

Kva viss nokon har fått registrert varemerket mitt som domenenamn?

Viss nokon har registrert det særprega varemerket ditt som domenenamn under .no, kan du sende ein klage gjennom Norid til Domeneklagenemnda og be om å få domenenamnet sletta eller overført til deg. Du må kunne dokumentere at du har ein rett til namnet (for eksempel varemerke eller føretaksnamn), og at innehavaren av domenenamnet har vore i ond tro.

Viss nokon har registrert det særprega varemerket ditt under eit anna toppdomene, skal du bruke andre nasjonale eller internasjonale klageordningar. 

Kan eg registrere eit beskrivande domenenamn?

Ja, det er mogleg å registrere beskrivande domenenamn, som for eksempel bil.no eller miljø.no. Det er ingen krav til særpreg.

Kan bruken av eit domenenamn bidra til at eit varemerke blir rekna som brukt eller innarbeidd i følgje varemerkelova?

Ja, det vil vere eit moment i vurderinga av innarbeiding og bruk.

Kan domenenamn bestå av alle slags teikn?

Under .no er det mogleg å søkje domenenamn med nasjonale teikn, som blant anna æ, ø, å. Teikna skal dekkje alle offisielle norske skriftspråk, det vil seie bokmål, nynorsk, nordsamisk, sørsamisk og lulesamisk. I tillegg gjeld standardteikna a-z, 0-9 og bindestrek.

Takk for tilbakemeldingen din! Ønskjer du svar, ring +47 22 38 73 00 og snakk med kundesenteret vårt.
Denne siden ble sist endret: