Generiske toppdomene

Eit generisk toppdomene (gTLD) er til dømes .com, .info, .biz og alle dei nye toppdomena som ICANN no har åpna for. ICANN er den internasjonale organisasjonen som administrerer og tildeler generiske toppdomene.

Kva kan registrerast som toppdomene?

Nesten alle ord kan no registrerast som generiske toppdomene. Dette gir moglegheiter, men også rettslege og praktiske utfordringar for varemerkeeigarar og forbrukarar.

Det er mogleg å registrere varemerke som toppdomene, altså .varemerke for eksempel .mango, .suzuki og rent generiske namn som til dømes .toys. Vi har fått nye toppdomeneegister der du kan registrere til dømes barbie.toys. Det er også opna for enkelte geografiske namn som toppdomene, til dømes .berlin.

Det kostar over éin million norske kroner å skaffe seg sitt eige toppdomeneegister (t.d. .fish eller .toys). Å registrere under dei nye toppdomena vil truleg koste omtrent det same som under dagens toppdomene (f.eks .com).

Kor mange nye toppdomene kjem?

ICANN mottok 1930 søknadar i den første runden med nye toppdomene, og man reknar med at det vil bli etablert meir enn 1000 nye toppdomene. I august 2016 var det delegert over 1100 nye toppdomene. Nye vil kome til etter kvart som dei passerer dei juridiske og tekniske testene som må til for å kunne bli eit nytt register.

Kva betyr dette for varemerkeeigarar?

Dei nye toppdomena består altså dels av varemerke (.nike), dels av generiske ord (.sport), og dels av geografiske nemningar (.berlin). Søknadane blir no vurdert og behandla av ICANN. Nokre av dei store varemerkeeigarane har valt å registrere varemerket sitt som toppdomene, mens andre er meir opptatt av at ikkje andre krenkjer varemerket deira som toppdomene eller under eit generisk toppdomene.

Kva viss eg finn varemerket mitt i lista over søkte toppdomene?

Ein klage kan baserast på varemerkerettar, men den første klagefristen er no ute. Det er mogleg å klage også etter at toppdomenet har blitt godkjend, gjennom ei prosedyre som heiter PDDRP (Post Delegation Dispute Resolution Procedure). 

Eg vil ha varemerket mitt registrert under eit av dei nye toppdomena

Når dei nye toppdomena er operative, vil mange av dei vere opne for alle til å registrere. Andre toppdomene vil vere lukka og kun meint for eit firma eller for ei bestemt foreining. Viss du ønskjer å registrere merket ditt under nokre av dei nye toppdomena, må du sjå kva for reglar som gjeld for det aktuelle toppdomenet. Domeneregistrarar, patentkontor og advokatar vil kunne hjelpe deg i denne prosessen.

Alle nye registre vil ha ein ”sunrise” periode, der varemerkeinnehavarar som har deponert varemerket sitt i eit Trademark Clearing House har fortrinnsrett til å registrere varemerket sitt som domenenamn. 

Korleis kan eg følgje med på om nokon registrerer varemerket mitt under dei nye toppdomena?

Ver klar over at andre også kan ha rett til eit identisk varemerke som ditt, anten fordi det er registrert som varemerke i eit anna land, eller fordi det gjeld andre varer/tenester enn ditt varemerke.

Som varemerkeinnehavar bør du vurdere korleis du skal forhalde deg viss andre registrerer varemerket ditt som domenenamn. Du kan vurdere å overvake dei nye toppdomena som er viktigast for deg. På denne måten kan du sjå om andre forsøker å registrere varemerket ditt under andre nivå (second level domain). Til dømes: viss du har registrert det anerkjente varemerket Athene for sko, bør du vurdere om du skal følgje med under det nye moglege toppdomenet .shoes.

Trademark Clearinghouse er oppretta fordi det vil bli vanskeleg å følgje med blant dei mange nye toppdomena. Her kan du deponere merket ditt mot ei avgift. Da kan du både ha fortrinnsrett til å søkje domenenamn i dei nyoppretta registra (sunrise), samt at du vil få beskjed viss nokon har registrert eit domenenamn identisk med ditt varemerke (Trademark Claims Service) slik at du eventuelt kan klage. Den som søkjer domenenamn vil også bli gjort merksam på at det finst varemerke som er identiske med domenenamnet dei ønskjer å registrere.

Kva viss eg finn varemerket mitt under andre nivå i eit nytt toppdomene?

Som varemerkeeigar bør du tenkje gjennom kva slags strategi du skal ha for registreringar under dei nye toppdomena. Nokon vil forfølgje alt (noko som nå blir nesten umogleg), nokre kun dei viktigaste toppdomena, og andre vil ikkje reagere på noko. Kva for strategi man vel kan avhenge av kor stor skade det kan ha at varemerket befinn seg under det aktuelle toppdomenet. Det kan også vere slik at det er fleire med same varemerkerettar som deg i andre land og i andre bransjar, så det er ikkje sikkert ein domeneinnehavar som har "tatt" varemerket ditt snylter på deg og ditt renommé.

Viss du meiner varemerket ditt blir krenka gjennom registrering under eit toppdomene, kan du klage bl.a. gjennom UDRP (Uniform Dispute Resolution Policy), som allereie eksisterer for dei etablerte toppdomena, og den nye klagemekanismen URS (Uniform Rapid Suspension System) som er oppretta for dei nye toppdomena. Det er viktig å setje seg godt inn i regelverket og eventuelt søkje profesjonell hjelp viss du tenkjer å sende inn ein klage. Nokre av klagesystema gir kun moglegheit til å klage på registrerte ordmerke.

Viss sjølve registeret driv på ein ikkje-akseptabel måte, kan du også klage dette inn under PDDRP (Post Delegation Dispute Resolution Procedure).

Når kjem neste moglegheit for å søkje eit toppdomene?

ICANN vil lage eit nytt søkjevindauge når behandlinga av dei allereie innkomne søknadane er ferdige. Dei har ikkje oppgitt noko tidspunkt, så du kan følgje utviklinga på ICANNs nettsider. 

Takk for tilbakemeldingen din! Ønskjer du svar, ring +47 22 38 73 00 og snakk med kundesenteret vårt.
Denne siden ble sist endret: